Skulane er i gang, og det same er natteramnane!
|
Natteramnsjef Ann Britt treng fleire natteramnar |
Komande veke vert det sendt ut natteramnplan for hausten. Problemet er at det er altfor få som har meldt seg til å gå natteramn i Volda. Kan du vere ein aktuelle natteramn, gå inn på menyen til venstre på sida, under aktivitetar. Der finn du eit skjema for nye natteramnar. Enkelt og greit!
Å gå natteramn er å bry seg. Du melder deg berre til to kveldar i året. Då går du i lag med vanlegvis to andre. Ein på laget vert utpeika som ansvarleg, og hentar nøkkel på Shell. De møter på TeleBygget Ungdomshus, der de finn jakkene. Før de går ein runde kring i sentrum ringer de politivakta, slik at dei veit at natteramnane er på plass i Volda.
De slår gjerne av ein prat med ungdom som de møter, men trenger dykk sjølvsagt ikkje på. Dei aller fleste synest det er kjekt og trygt å treffe dykk. Kjem de ut for noko urovekkjande, kontaktar de politiet. Det å gripe inn er deira jobb, ikkje natteramnane sin. Ut på kvelden vandrar de opp til Shell, som spanderer kaffi og ein meny. Når de avsluttar, vanlegvis kring to på natta, skriv de ein kort rapport.
Volda er vanlegvis stille og roleg. Også helgekveldane. Kanskje også takka vere natteramnane sitt nærver? Men innimellom kan det vere at det oppstår situasjonar der ansvarlege edrue vaksne er sårt tiltrengde. Der det kan bety ein forskjel at det faktisk var natteramanar ute den kvelden. Det skal vere trygt å vere ung, spent, og litt vill..
Mange ønskjer flyktningguide
Det er den klare meldinga frå tilhøyrarane som fekk orientering om frivilligsentralen i dag då Astrid besøkte Hareid ressurssenter.
Det var mange frivillige lag og organisasjonar, i tillegg til frivilligsentralar og andre aktuelle som i dag var på Hareid og orienterte.
CD-en tek form
|
Ingrunn og Birgit prøvar ut opptaka av geiter, elvesus og fuglesong, lydkulissar som skal setje lydaren i rette stemningsleiet |
Plateslepp og lansering vert i byrjinga av september!
"So dillja du di rompe"
Det er dette som vert tittelen på cd-en med barnesongar, samla og formidla av Marie Lovise Widnes, som vert lansert på seinsommaren/hausten. Det er Folkeakademiet Volda som står bak, i nært samarbeid med frivilligsentralen. Produsent er Birgit Berg, og det er Cigar studio v. Kyrre Grimstad som står føre det tekniske. Med plata vil det følgje fullstendig teksthefte, illustrert av andreklassingar ved Mork skule.
"Vi vonar denne plata kan fungere som ein inspirasjon både for foreldre, barnehagar og barneskular", seier Ingrunn Aud Humberset, eldsjela bak tiltaket. "Det vi har gjort her er å berge ein kulturskatt før han går i gløymeboka, Marie fyller åtti i år" minner ho om. Mange, særleg dei litt opp i åra, vil kjenne att dette stoffet. Men så har me dei mange variasjonane i tekstar og dialektuttrykk; Marie formidlar det slik som ho har lært det av sine foreldre og besteforeldre.
Folkeakademiet har òg Jostein Fet med på laget, på tekstsida. Han har lagt til ordforklaringar. Alle med interesse for barnekultur, ord og språk og leik har noko å sjå fram til. Lansering vert tidleg i september i dei to heimekommunane til Marie, Hareid og Vanylven, som begge har ytt monalege tilskot til prosjektet.
Ingunn ute, Ella tilbake
|
Styreleiar Ann Britt Våge Fannemel, Ella Vasskog og Ingunn Rusten Øye |
I går heldt frivilligsentralen årsmøte. Engasjert styremedlem gjennom seks år, Ingunn Rusten Øye, gjekk ut av styret, men vart erstatta av Ella, som òg har lang fartstid i styret for frivilligsentralen. Ella har vore ute av alle verv i tre år, og me ønskjer henne velkomen tilbake. Kontinuiteten er sikra i nye to år. Ann Britt tok attval som leiar og Elin Dahlen overtek som nestleiar. Kjell Holby gjekk òg ut av styret.
1 |