Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Bli aktivitetsvenn for menneske med demens

Frivilligkoordinator, Manuela Erlbeck orienterte om aktivitetsvenn på ope møte 1.2.2017
Frivilligkoordinator, Manuela Erlbeck orienterte om aktivitetsvenn på ope møte 1.2.2017

Bli frivillig aktivitetsvenn, og gi ein person med demens høve til å få fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen

Med midlar frå TV-aksjonene 2013 etablerer Nasjonalforeningen for folkehelsen prosjektet Aktivitetsvenn. Målet er at personar med demens skal få fleire aktivitetar og gode opplevingar i kvardagen. Som frivillig aktivitetsvenn vil du gjere aktivitetar saman med ein som har demens.

Med ein aktivitetsvenn kan personar med demens få høve til å halde fram med sine vanlege aktivitetar. Fritidsaktivitetar og gode opplevingar har god effekt. Sjølv for menneske der sjukdomen er komen så langt at opplevingar raskt vert gløymde, viser det seg at dei gode kjenslene og stemninga varer.

Her kan du lese meir om aktivitetsvenntilbodet: www.nasjonalforeningen.no/aktivitetsvenn

Vil du vere ein aktivitetsvenn i Volda?

Vi tilbyr deg som frivillig aktivitetsvenn gratis kurs, rettleiing og oppfølging. Du slepp å uroe deg for om du gjer ting rett, og kan fokusere på den doble gleda som ligg i å kunne bruke ressursane dine til noko meiningsfylt.

Momskompensasjonsordninga

https://lottstift.no/momskompensasjon/

Frist 2015: Den generelle ordninga: 1. september

Idrettsanlegg: 4. mai

Frivillige er meir lukkelege!

Artikkel frå forsking.no

Natteramn

Då vi i Volda slit med å få nok natteramnar, prioriterer vi å gå den mest aktive tida for uteliv, vår og haust.  Det er pr. i dag knapt 30 registrerte natteramnar, som kjem til å starte vandringane 23. mars.  Har du lyst å melde deg? Send  ein epost, du er hjarteleg velkomen!

Samarbeid om flyktningguiden

Sidan ordninga vart etablert i 2001 har flyktningguide-ordninga i Volda vore drive som eit samarbeid mellom Røde Kors, Innvandrarkontoret og Frivilligsentralen.  Det er no stor etterspurnad etter frivillige guidar; så om du kan tenkje deg å gjere ein innsats, ta kontakt med frivilligsentralen.  Alle aldersgrupper og begge kjønn er aktuelle, men særleg vaksne menn er ein ettertrakta kategori som flyktningguide.  Gi litt av tida di, og vi kan love deg mykje tilbake! 

Flyktningguiden, eit effektfullt tiltak

Nytt land, framandt språk, annleis kultur og nye menneske er utfordringar også flyktningane som kjem til Volda møter. Volda Røde Kors, Innvandrarkontoret og Frivilligsentralen samarbeider om ”Flyktningguiden” for å opprette kontakt mellom flyktningane og lokalbefolkninga og fremje integrering og inkludering.

Bindeledd til lokalmiljøet

Flyktningguide-ordninga fungerer på den måten at ein koplar ein lokalkjend norsktalande person med ein nytilflytt flyktning. Sjølve koplingsmøtet føregår vanlegvis på Frivilligsentralen. Desse inngår der ein gjensidig avtale, vanlegvis på ca 9 månader, der dei utifrå sams interesser, livssituasjon eller rett og slett vilje finn sine måtar å guide eller verte guida på.  Guide og flyktning møtest ein gong i veka eller kvar fjortande dag, alt etter som kva som høver den einskilde. 

Er det eit tiltak vi kan seie vi veit fungerer når det gjeld integreringsarbeid, så er det flyktningguiden.

Oppgåva til ein flyktningeguide er å orientere ein flyktning om samfunnet han eller ho har busett seg i, og å vere ei hjelp og støtte i å praktisere norsk språk. Her ser vi mange finn god nytte i å ta utgangspunkt i leksearbeid.  Ein fungerer som eit bindeledd til lokalmiljøet slik at integreringa går smidigare. Samtidig som guiden forklarar korleis livet her fungerer, lærer ho eller han sjølv om ein annan kultur.

Samvær er integrering

Like viktig som å overføre lokal- og kvardagskunnskap, er samværet. Alle menneske har behov for kontakt med naboar og andre i lokallaget for å hindre sosial isolasjon. Å sjå ein fotballkamp saman kan vere integrering på sitt beste! 

Du kan gjere ein innsats!

 

untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb