Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Det er to samfunnsengsjerte personar, Marie Lovise Widnes og Jens Johnsen (mest kjend som Jens prest) som laurdag 6. desember kjem for å gjere stas på alle som gjer ein frivillig innsats i bygdene våre. Kom og opplev dei!

Marie Lovise Widnes, 17. mai 2013
Marie Lovise Widnes, 17. mai 2013

Marie Lovise har sidan 1950-talet markert seg som ei viktig samfunnsrøyst, i skrift og tale som i tone. Gjennom sitt rikspolisk engasjement, ein periode også på Stortinget, i lokalpolitisk arbeid, gjennom avvisspaltar og frå talartolen, Marie Lovise er like engasjert om det gjeld stormaktsspørsmål eller t.d målsak. I dei mange  sakene der einskildmennesket treng ei røyst, har ein alltid kunne lite på Marie Lovise.

 

 Jens Terje Johnsen, også kjend som Jens Prest, mottok Møre og Romsdal fylke sin likestillingspris for 2014.  –Eit einstemmig utval meiner at han har gjort ein særleg god innsats for likestillingsarbeidet i fylket vårt, sier Eva Vinje Aurdal, leiar i Likestillingsutvalet. (Sunnmørsposten)

Jens Terje Johnsen Likestillingsprisen 2014

Foto: Knut Arne Årset, Sunnmørsposten

Jens Terje Johnsen har gjennom si prestegjerning vore oppteken av likeverd mellom alle menneske og mellom ulike menneskegrupper. Han har vore oppteken av at kjønn ikkje skal vere til hinder når ein person skal utpeikast til ulike stillingar, verv, tenester og posisjonar. Jens Terje Johnsen var tidleg krystallklar på at kvinner, på lik linje med menn, skal ha tilgang til alle stillingar og posisjonar i Den norske kyrkja. Som prest har han vore oppteken av å sikre dei unge representasjon i ulike samanhengar, og han har ei høg stjerne blant dei funksjonshemma i regionen på grunn av sin innsats for å integrere dei i samanhengar der dei ofte er blitt ståande utanfor.

Jens Terje Johnsen har stått i fremste rekkje for å sikre homofile same rettar som alle andre, både i kyrkja og i samfunnet elles. Han har vist eit varmt engasjement og kjempa for asylsøkjarar og andre innvandrarar sine rettar i det norske samfunnet.

-Jens Terje Johnsen har ført ein årelang kamp for alle minoritetar og andre diskriminerte grupper.  (Sunnmørsposten)

 

Vel 107 000 til Den kulturelle spaserstokken for 2015
Her frå eit arrangement med Torbjørn Gran som spelte 60/70-talsmusikk. Illustrasjonsfoto.
Her frå eit arrangement med Torbjørn Gran som spelte 60/70-talsmusikk. Illustrasjonsfoto.

Den kulturelle spaserstokken er statlege tilskot til kommunane for å tilrettelegge for gode kulturopplevingar for eldre. I Volda har vi prioritert å halde arrangementa i institusjonane, men dei er også opne for heimebuande.

Programmet for Den kulturelle spasèrstokken er sett saman  av ulike typar kulturytringsformer, musikk i ulike sjangrar, teater mm.

Det er eit viktig prinsipp for oss i Volda at det ikkje skal vere diskvalifiserande for å ta i mot gode kulturopplevingar å bu på ein liten institusjon med 15 bebuarar i høve til å bu på omsorgssenteret i lag med nærare hundre. Difor vert det gjerne organisert turnear. Julekonsertturneen med Wenche og Levi er alt på plass,- både Nilletun, Folkestadtun, Fjordsyn og Omsorgssenteret får besøk første veka i desember.

Førebuingane til Årets TV-aksjon er i gang!

Trufaste bøsseberar, Petra. Ho tek seg alltid god tid på runda, som brukar å omfatte Fjordsyn,slik at ho får slå av ein prat.
Trufaste bøsseberar, Petra. Ho tek seg alltid god tid på runda, som brukar å omfatte Fjordsyn,slik at ho får slå av ein prat.

Å skaffe reint vatn til ein million menneske er målet som Kirkens nødhjelp har sett for aksjonen. Dette medfører ein STOR dugnad, og DU er med dette invitert til å gå med bøsse!

Sidan 1974 har NRK arrangert den årlege TV-aksjonen, der så godt som alle husstandane i heile landet i løpet av ca 2 timar får ein frivillig på døra med bøsse der det vert samla inn pengar til ulike ideelle føremål i inn og utland. 19. oktober går TV-aksjon nr. 40.  Dette er verdas største dugnad.

I år vert det planlagt ulike aktivitetar gjennom menigheitene. Frikyrkja i Volda har fleire planar på gang. Sokneråda er utfordra, det same er Den Norske Kyrkja og Pinsekyrkja. 

Organiseringa er som det brukar å vere i Volda: Varaordføraren er leiar for komiteen, og frivilligsentralen koordinerer det praktiske. Tredje medlem i kommunekomiteen er Kjell P. Wiik, som er Volda sin kontaktperson til Kirkens nødhjelp.

TV-aksjonsnemnda i Volda: Kjell, Astrid og Dan
TV-aksjonsnemnda i Volda: Kjell, Astrid og Dan
Prosjektleiar Liv Synnøve Hoel
Prosjektleiar Liv Synnøve Hoel

Møte om aktivitetsvenn

Det er på landsbasis over 70 000 menneske med demensliding, og talet er stigande. Demens er ein diagnose som ikkje berre råkar den som får den, den involverer pårørande i svært stor grad. Før eller seinare i livet vil dei aller fleste av oss møte demens. Sjukdomen kan råke foreldre, ektefelle, vener, eller oss sjølve. Dermed må det å byggje eit demensvennleg lokalsamfunn vere eit godt og viktig mål.

Det var om lag 20 frammøtte på møtet om aktivitetsvenn som Volda Ørsta demensforening baud inn til i går. Nytilsett prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeslag av Landsforeningen for folkehelse, Liv Synnøve Hoel, var tydeleg imponert over alt det gode frivillige arbeidet vi har i Volda og Ørsta. Her er mykje å byggje vidare på også for dette føremålet.

TV-aksjonen i fjor samla inn betydelege midlar til Landsforeningen sitt arbeid med demens, noko som gir frukter. Aktivitetsvenn er eit av prosjekta, og Volda og Ørsta ligg an til å verte ein av pilotane i dette arbeidet. Som aktivitetsvenn vert ein som frivillige kopla anten ein til ein, eller ein går saman i grupper. Ein prøver å finne rette koplingar utfrå felles interesser, underteiknar avtalar, der teieplikta er ein viktig del, og får oppfølging undervegs etter behov. Dette tiltaket er særleg kjærkome for dei yngste med demenssjukdom, og er eit viktig bidrag til auka livskvalitet. Liv Synnøve Hoel fortalde om fleire gode døme der rette koplingar fører til gode vennskap. Kort fortalt handlar aktivitetsvenn om å gjere noko du likar i lag med ein som har demens, og som trivst med det same.

Teieplikta er ei utfordring i det å nå dei personane som kanskje treng tilbodet mest. Demens er ein diagnose som få vil vedkjenne seg. Pårørande vert dermed både viktige medspelarar i tillegg til at dei er målgruppe i seg sjølv,i og med at dei vil kunne få avlasting gjennom aktivitetsvennen.

Trass i ein engasjert møtelyd ga dette møtet der og då ingen konkret plan vidare her i Volda og Ørsta, men dette vil verte følgt opp av Volda Ørsta demensforening etter kvart. Det skal setjast saman ei prosjektgruppe der fagfolk og organisasjonar skal jobbe saman for å utvikle tiltaket. Det er aktuelt at frivilligsentralane vert involvert i dette. Liv Signe Hoel understreka kor viktig det er at det er godt forankra lokalt, og at ein tek seg den tida det treng for nettopp å sikre det.

 

Innhaldsrike kulturminnedagar
Denne flotte skuta var Torbjørn Strand sin drøymevinst i eit lotteri, der han som 8-9-åring sprang ærendsgut ein heil dag for å tene dei 10 øra han trong til loddet. Og det vart vinnarloddet, nr 4!
Denne flotte skuta var Torbjørn Strand sin drøymevinst i eit lotteri, der han som 8-9-åring sprang ærendsgut ein heil dag for å tene dei 10 øra han trong til loddet. Og det vart vinnarloddet, nr 4!

Det var god oppslutning om dei mange arrangementa under kulturminnedagane, som hadde fellestemaet 200 års samfunnsutvikling. Dagane var 13.-21. september

Bibioteket og frivilligsentralen gikk i vår ut med open invitasjon til lag, organisasjonar, institusjonar, bedrifter og andre om å vere med og markere kulturminnedagane som ein del av grunnlovsjubileet. Dette resulterte i eit program som i landsmålestokk i omfang kom på 2.plass etter hovudstaden.  

Frivilligdagane 2014

Den årvisse internasjonale frivilligdagen, 5. desember vert her i Volda og Ørsta markert med ei heil veke!

Måndag 1. desember

Frivilligsentralane vitjar opplæringssentera i Ørsta og Volda

Tysdag 2.desember

  • 12:00-17:00: Open dag på Ørsta frivilligsentral.

Vaflar og kaffiservering. Kom innom for ein uformell prat om kva det måtte vere!

  • 18:00-21:00: Kurs for frivillige lag og organisasjonar

” Synleg og tydeleg”                 

Jostein Mo snakkar om godt språk.

Olav Sindre Kriken frå Racer held kurset ”Omdømebygging og rekruttering gjennom sosiale medie”.

 Torsdag 4.desember

  • 12:00-17:00: Open dag på frivilligsentralen i Volda

Mandarinar og kaffi. Kom innom for ein uformell prat om kva det måtte vere!

Fredag 5.desember:

Den internasjonale frivilligdagen

Laurdag 6. desember:

Frivilligfest på Volda samfunnshus

  • 13:00- 15:00: Sal av mat frå Volda og Ørsta sitt internasjonale kjøkken, kaffi og sveler.

Frivillige lag og organisasjonar er inviterte til å stå på stand for å vise seg fram.

  • 15:00-16:30 Frivilligfesten

Programinnslag ved Jens prest og Marie Lovise Widnes. Tema er medmenneske og samfunnsengasjement. Kulturelle innslag.

 

Mat og prat

Frå venstre: Charlotte, Ahsan, Barbara, Einar, Maryam, John, Saera og Anna
Frå venstre: Charlotte, Ahsan, Barbara, Einar, Maryam, John, Saera og Anna

Vårplanen for mat og prat er klar!

Neste samling vert 27. februar, og då er det pakistansk mat som står på menyen. 20. mars vert det Sudanesisk. 24. april, er menyen frå Burundi og 22. mai norsk. Vi avsluttar sesongen 12. juni med kongolesisk. Ynskjer du å delta, kontakt frivilligsentralen.

Hensikta er å dele ulike matkulturar som er representerte i Volda, og vi ynskjer at nye voldingar skal få eit innblikk i vår matkultur. I tillegg til maten vert vi litt kjende med landet, og ikkje minst; med kvarandre og med det norske språket, som vi skal nytte på Mat og prat-treffa.

Mat og prat låner skulekjøkkenet på Volda ungdomsskule ca kvar 4. torsdag frå 17-20. Kom då!

Hyggjeleg mat-treff neste onsdag
p4246425.jpg

Onsdag 11. juni vert siste Mat og prat-treffet før sommaren. Som vanleg held me til på Volda Ungdomsskule, kl. 17-20. Denne gongen er det Anna som lærer oss rettar frå det Kongolesiske kjøkkenet.

Dei siste treffa har det vore godt frammøte på Mat og prat. Men det er framleis plass til fleire! Her kan du både lære nytt og dele eigne mattips med andre. Det er alltid masse god mat, og me har det veldig moro!

Åslidkropet, sentrumsprosjektet til StudiebygdA

28. mai vart Åslidkropet offisielt opna, det kunne både høyrast, sjåast og luktast! 

Lommerosk sytte for reine rockefestivalsteminga, medan Caroline Aamås ga publikum ei oppleving av skrekkblanda fryd. I krana til Helge Nilsen utførte ho imponerande tauakrobatikk!  Ordføraren prøvde balansebommane, etter å ha klipt den "raude tråden".

Popcorn, pølser og bollar gikk unna, og publikum kosa seg i sola.  Me i gruppa som har planlagt og stelt til plassen i regi av StudiebygdA er svært nøgde med de me har å by sentrum. Kos dokke!

Haustprogrammet til Den kulturelle spaserstokken

Spaserstokken tilbyr eit variert program, og med god geografisk spreiing; her får alle aldersinstitusjonane besøk.

September

1.9 Taube-program med Ingrid Sahlin-Sveberg og Axel Falk Kafeen kl. 11.00 Nilletun kl. 15.30

17.9 ”Par i hjerter” med songduetten Liv og Øyvind Fjordsyn kl. 11.00 Nilletun kl. 15.30 Folkestadtun kl. 17.30

Oktober

22.10 Klovnen Knut, i samarbeid med Engeset Barnehage og Folkeakademiet Volda Kaféen kl. 11.00

24.10Prøysenprogram v. Dag Arne Saltnes Kaféen KL. 11.00

30.10 Øystein Echoff Holsvik Dagsenteret kl. 11.00 Fjordsyn kl. 12.00 Nilletun kl. 15.30 Folkestadtun kl. 17.30

November

Myldredag, vert annonsert

Desember

Julekonsertar med Wenche og Levi: 3. 12 Folkestadtun kl. 11.00 5. 12 Kaféen kl. 11.00 Fjordsyn kl.12.00 Nilletun kl.15.30

Kulturminnedagane 2014, Den store reisa, 200 års samfunnsutvikling

Laurdag 13.9-søndag 21.september markerar vi kulturminnedagane 2014. Vanlegvis er dette ein dag, men sidan det er grunnlovsjubileum i år har Norsk kulturvernforbund, som som er hovudarrangør, valt å la det gå over ei veke. 

Hovudpoenget med kulturminnedagane er at vi i løpet av denne veka skal synleggjere kulturarven vår.  

Her i Volda opnar vi med eit dag-arrangement i Volda sentrum laurdag 13., som har fått tittelen Volda i tidsreise. Arrangementer startar ute, der Eivind Indresøvde vil ta oss med på kulturhuistorisk vandring i rådhuskvartalet, ein del av sentrum som har gjennomgått mange endringar gjennom åra. Etter dette går vi inn på Samfunnshuset, der det forutan servering av kaffi og sveler vil verte utstillingar, biletframsyning, forteljarstunder og gjetting på  "rare" ting med meir. Ta gjerne med interessante gjenstandar frå kjellar og loft!

Ut over i veka vert det turar, utstillingar mm. Programmet vert kjentgjort så snart det er klart.

StudiebygdA i livleg laurdag
Svelekø!
Svelekø!

Sist laurdag bidrog sosial integrasjonsgruppa i StudiebygdA med sveler i Volda sentrum. Og dei gikk unna!

Gruppa for sosial integrasjon i StudiebygdA skal medverke til møteplassar og auka kontakt og samhandling mellom høgskulemiljøa og Voldasamfunnet elles. Difor er me stadig synlege. Planane framover er m.a eit prosjekt knytt til sentrumsutvikling, og det vert mykje aktivitet i mai.

Eit viktig mål er at voldingar flest skal ha som ein medviten identitet at dei er ein del av StudiebygdA, anten dei er knytt til høgskulen, arbeidar i kommunen, på sjukehuset eller på Scana. Vi ynskjer å bevissgjere den historiske arven vår og føre han vidare som eit identitetsmerke inn i framtida, også etter at prosjektet vert avslutta 31. mai. 

17. maifeiring og grunnlovsjubileum

Norunn Velsvik er vald til det ærefulle oppdraget å leie årets 17. mainemnd i Volda sentrum. Nyleg fekk ho innsyn i ein hundre år gamal protokoll frå jubileumsnemnda i 1914. Alt tyder på at det vert flott feiring av 200-års jubileet i kommunen vår!

Volda har gode 17-maitradisjonar. Bygdene har alle kvar sine markeringar, noko dei òg kjem til å ha også i jubileumsåret 2014. 

Hovudnemnda for Volda sentrum er samansett av:

Norunn Velsvik,leiar

Urda Heggedal, nestleiar

Solveig Festø, sekretær

Odd Velsvik, sponsor-og økonomiansvarleg

Ingeborg Heltne Sætre

Geoffrey Armstrong

Øyvind Standal

Haldis Hamsås

Audun Høidal

Ingrid Øvstebø Dyrhovden

 

KJÆRE ALLE ENGASJERTE, FRIVILLIGE OG MODIGE MENNESKE, TIL LUKKE MED DEI 200!

Landet vårt, Noreg, er anno 2014, med folketal passert 5 millionar, både gjennomorganisert, velutvikla og rikt. Vi har goder og rettar som dei fleste av oss tek heilt for gitt.Å skape meining for oss sjølve og  for medmenneska våre er ein rett og ei plikt som ligg på kvar av oss, og ein føresetnad for det me feirar i år.

 For 200 år sidan var landet vårt eit av dei fattigaste i Europa. Historikarar stridst om kva grad av medvit om den norske kulturen og eigenarta som fanst i folket i tida før 1814. På Eidsvoll i 1814 samlast 112 menn frå store delar av landet. Elling Valbø Olsen, kyrkjebyggjar frå Ørskog var den einaste sunnmøringen av desse.  Den yngste av eidsvollsmennene var 17 år. Ein skreiv under grunnlova med påhalden penn- han kunne ikkje skrive, han møtte nok til eidsvollsforsamlinga i kraft av sin person og sitt gode rykte. 112 paragrafar semdest dei om i ei framtidsretta og radikal grunnlov.

Året 1814 står i ei særstilling i Noreg, det vart ein start. Men det var òg eit framhald.  

Langsamt vart landet bygt.  Mellom bakkar og berg utmed havet fekk nordmenn sine heimar. Her gikk grannane saman i dugnad og fekk  reist hus, bygt veg, rydda jord. Etter som nasjonsbyggjinga skaut fart utover på 1800-talet vaks trongen for å gå saman i organisasjonar.  Opphevinga av Konventikkelplakaten i 1842, og dermed innføring av forsamlingsfridom, var i praksis starten på det frivillige organisasjonslivet i Noreg. Landet vårt er fundert på sterk vilje, fellesskap, trass og mot.  Og  det er prega av kontrastar.

 Vi har vår arbeidsdag i frivilligsentralar.  Vi arbeider på oppdrag av staten og lokale frivilligsentraleigarar, her på Sunnmøre hovudsakleg kommunar.  Som ein nyskaping i det norske samfunnet er det viktigaste målet vårt å medverke til at alle menneske, uansett bakgrunn, i lokalsamfunna våre skal kunne få høve til å delta aktivt i å utvikle det.  Det kan vere gjennom frivillig organisasjonsliv, eller som einskildpersonar i samarbeid med kommunar og institusjonsliv.  Å få delta i høve til eigne interesser og engasjement, dele og utveksle kunnskap og ferdigheiter med andre er å skape verdigheit i eigne liv. Vi 15 tilsette i desse sentralane arbeidar for at det frivillige skal få vere nettopp det ordet tilseier,- styrt av den frie viljen.  Bakgrunnen for at dette oppdraget er gitt av staten vår er otte for at nokre grunnleggjande kvalitetar i samfunnet vårt er i ferd med å verte svekka.

Eit vake, aktivt og ope sivilsamfunn er garantisten for eit trygt, stabilt og samtidig utviklande demokrati.  Det norske demokratiet vart ikkje til i 1814, men grunnlaget vart lagt.  Det norske demokratiet er ikkje ferdig bygd i 2014. Det må haldast ved like av oss alle kvar einaste dag.

Helsing tilsette ved frivilligsentralar på Sunnmøre

 

Dette er eit uttdrag av helsingstalen som nokre av frivilligsentralane på Sunnmøre har laga i fellesskap. Talen er ein del av ei felles markering av grunnlovsjubileet frå oss tilsette i frivilligsentralane, som har som jobb å medverke til levande og opne sivilsamfunn i kommunane våre. Her i Volda vil frivilligsentralen medverke til å markere kulturminnedagane i september som ein del av grunnlovsfeiringa.

Godt besøkt frukostmøte måndag

StudiebygdA samla fullt hus i Vesle auditorium i Berte Kanutte-bygget på høgskulen med temaet fleirkultur i arbeidslivet

Arrangementet, som var leia av Stefan Halck, dagleg leiar for Volda næringsforum og Astrid Gjersdal, dagleg leiar for frivilligsentralen, markerte starten på Internasjonal veke v. Høgskulen. Begge desse representerer partnarar i StudiebygdA, næringslivet og kommunen.

Inviterte til å dele erfaringar var mellom anna kjøpmann Bjørn-Kristian Risøy ved Rema 1000. Gjennom å ha engasjert mange ikkje-norske arbeidstakarar har han fort snudd haldninga frå skepsis til begeistring. Det tek ei tid med tilpassing, særleg språket er ei utfordring, men dette går seg til, og verdien av eit etnisk mangfald på arbeidsplassen er stort. Eritreiske Thomas, som for tida er i praksis på Rema 1000 har berre godt å seie om arbeidsplassen. Her lærer han norsk på ein heilt annan måte, og han har eit stort fortrinn i å rettleie kundar med ein annan kulturbakgrunn.

Meseret Tedla, også frå Eritrea, som arbeider som assistent ved Øyra skule og i SFO fortalde biletleg om si historie, der han kom til eit punkt der han måtte legge av seg "sekken" med si eiga kulturelle ballast for å tilpasse seg det norske arbeidslivet. Kirsti Markegård, assisterande rektor v. Øyra skule, ein skule med elevar frå svært mange land, påpeikte det nødvendige ved eit mangfald av rollemodellar.

Jessie Chumah, sosionom-bachelorstudent frå Kenya opplever òg språket som ei ekstra utfordring.  

Hildegunn Valen Kleive, stipendiat med bakgrunn i religionsvitskap og antropologi var kommentator til innlegga. Ei viktig poengtering frå henne var at integrering handlar om å byggje fellesskap saman, ikkje å verte like. Sist på programmet sto Camilla Storøy Hermannsen prosjektleiar for bulystprosjektet der, om arbeidsinnvandring.

Stor oppslutning om julefesten første juledag

Det var StudiebygdA som arrangerte julefesten første juledag, denne gongen i kantina i Berte Kanutte-bygget. Over hundre gjestar var påmelde, og hygga seg med god mat og gode ord og tonar frå dei som sto føre bevertning og program. 

Det er i år ti år sidan første festen vart arrangert, denne første juledags-festen, som har vorte ein årleg tradisjon og berre har vorte kalla "julefesten". Det var Tv-aksjonen i 2004 som var utgangspunktet. Den gikk det året til Kirkens Bymisjon og rådet for psykisk helse, som i samband med aksjonen oppmoda til å invitere til gjestebod som eit middel for å skape eit varmare samfunn. Volda sitt gjestebod vart ein julefest, arrangert på årets mest famile-sentrerte dag. Dette vart så vellukka at det deretter har halde fram årleg, med eit unntak i 2012.

Julefesten 2013 kom på ein måte tilbake til utgangspunktet.  Første året var Studentsamskipnaden med som ein arrangør mellom fleire. No, med StudiebygdA-satsinga vart det den som peika seg naturleg ut som arrangør.

Berte-Kanutte-kantina var eit flott lokale til føremålet. Ikkje minst var det rikeleg med tumleplass for dei mange små! Festen opna med afrikanske trommer, traktert av Inga Klepp Bjørndal, før festleiar Cecilie Dale Torbjørnson ønska festlyden velkomen. Maten sto klar, og det var mengder av pinnekjøt frå Jacobsen, og alt som skal til av tilhøyr. Etter at ordførar Iversen heldt ein fin helsingstale frå Volda kommune, framførte nokre av dei afrikanske gjestane på spontanbasis ein song med trommefølgje. Den kristne julebodskapen er alltid med på julefesten. Denne gongen vart juleforteljinga inneramma av "Deilig er jorden" som allsong, regissert og framført av Cecilie. 

Denne festen er med og byggjer kontakt mellom menneske i Volda. På tvers av etnisk bakgrunn, alder, og yrkesmessig status. Gjestane samlast kring småbord, noko som gir ei intim og hyggjeleg atmosfere og inviterer til prat. 

Me takkar alle som var med og gjorde festen fin også denne gongen, sponsorar, frivillige, kulturutøvarar og alle dei blide gjestane! 

Nye Mat og Prat-treff ut over våren

Frå mat og prat-treff i fjor
Frå mat og prat-treff i fjor

Dei kjekke Mat og prat-treffa på Volda Ungdomsskule held fram! 

Torsdag 27. februar ønskjer vi gamle og nye mat og prat-vener velkomne til nye samlingar. På desse treffa lagar vi mat i lag, vi utvekslar mat-interesse, tradisjonar og idear og deler eit godt cross-over måltid til slutt. Og så pratar vi norsk.  

Volda musikkråd er i gang

Birgit Berg og Arild Andenes, to av interimstyremedlemene.
Birgit Berg og Arild Andenes, to av interimstyremedlemene.

I første møtet i interimstyret i førre veke vart medlemene samde om kva dei ønska å prioritere. Musikkrådet er tydelege på at dei ønskjer å vere eit reiskap og ingen ekstrabelastning!

Det som kom fram som den største utfordringa i det frivillige musikklivet i Volda er manglande koordinering av arrangement. Ei helg før jul var heile tre store musikkarrangement lagt til same dag. Dette medfører stor konkurranse om publikum, og frustrasjon for publikum med omsyn til kva konsert ein faktisk skal velje. Hadde desse valt kvar sin dag, eller slått seg saman til ein stor konsert, hadde dette vore unngått, og både utøvarar og publikum ville ha vunne på det. Dette er punkt 1 for det nyetablerte musikkrådet i Volda. 

Volda musikkråd ønskjer å vere eit praktisk hjelpereiskap for musikklivet, utelukkande i musikklivet si interesse. Dei ynskjer ikkje å vere eit ekstraledd som skal medføre unødig medarbeid for nokon av laga. 

Det som står på programmet vidare er:

  • få oversikt over lokalitetar i Volda
  • jobbe med felles arrangementskalender/få musikklaga til å nytte eksisterande
  • Skaffe oversikt over festivala og arrangement som ein kjenner til, lage eit årshjul. I dette vil ein òg få oversikt over når dei ulike utøvarane har øvingar.
  • Etablere samarbeid med Festivalforum

I Interimstyret sit: Arild Andenes, Birgit Berg, Bert Hantrich, Tone Rustestuen Århus og Jørund Ruud.

untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb