
FESTiVOLDA 2008 - vel to vekes markering av kulturelt og frivillig mangfald i Volda

Regn stoppa ikkje desse to!
Kliss våte men med takt og driv marsjerte korps og kor gjennom volda-gatene til opning av det andre FESTiVOLDA 25. oktober 2008. Birgit Berg og Astrid Gjersdal førte an ikledde oransje, gjennomgangsfargen til FESTiVOLDA.
Det var andre året at FESTiVOLDA vart arrangert, med kyrkjemusikkveka under FESTiVOLDA-paraplyen. Opningsdagen vart ei vår affære med opptog gjennom sentrumsgatene med regn og vind på tvers.
Etter opptoget, og flott framføring av fellesnummer av korpsa, Vamp sin "Månemann" på Uppheimsplassen, samlast alle på samfunnshuset til korsong og matkultur-møte;der den lokale spesialiteten havregraut med stropleauge fekk selskap med eritreisk festmat, Injeera.
Frå opningsdagen
Fotballkampen Verda-Volda
enda med siger til Volda etter straffekonkurranse
Frå arrangement i FESTiVOLDA-kafeen
Francois Monnet med vakker Olav H. Hauge-utstilling

Alternativ-småbrukar i Austefjorden på 80-talet,Francois Monnet, den tid tittulert Selvik-Frans, no tilbake i Volda med vakker biletutstilling.
Utstillinga "Det er den draumen", fotografi hovudsakleg frå Ytste Skotet der Francois har arbeidd som dreng, er meisterleg kombinert med Olav. H. Hauge-dikt.
Utstillinga, som var utlånt av Brakanes Hotell i Ulvik, vart eit vesentleg innslag i FESTiVOLDA, på kafeen i salongen på Samfunnshuset.
Møte med gamle sambygdingar vart det søndag 1. november då Austefjord Bygdekvinnelag hadde kafè og i samarbeid med Austefjord museumslag synte Årsetøy-filmen av Oddgeir Bruaset. I dette høvet presenterte Francois boka si, der han har omsett Olav H. Hauge-dikt til fransk, illustrert med eigne foto, m.a. nokre av dei han har med i utstillinga "Det er den draumen".