Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Kultur-og frivilligforum, ein møtestad for kreativ samhandling

kultur_og_frivilligforum3.jpg

6. februar 2009 inviterte Volda kommune og frivilligsentralen til Kultur-og frivilligforum på Samfunnshuset.   Styreleiar og dagleg leiar i frivilligsentralen innleidde med ein gjennomgang av grunnleggjande prinsipp for organisasjonsarbeid. I samband med dette kom det fram ein del aktuelle problemstillingar:

  • Arkivering

Mange frivillige organisasjonar har møtebøker/protokollar som kan vere av interesse både no og i framtida.  Sidan fleire organisasjonar i Volda har halde på i mange år, finst her truleg mange dokument av kulturhistorisk verdi.  Desse bør takst vare på, og fleire av dei frammøtte etterlyste eit arkiv eigna til føremålet.

  1. Finst det sentrale arkiv som er opne for slike dokument?
  2. Kva med oppretting av eit kommunalt arkiv?  Lagring i database, CD,DVD vil spare plass, men vil også trenge oppdatering etter kvart.  Gamle handskrivne møteprotokollar er dessutan av verdi i seg sjølv, og bør vel oppbevarast slik dei er?
  • Andre mogelege samarbeidstiltak

Frå asylmottaket: Invitasjon til å samarbeide om tiltak for barn og unge.  Også mogeleg for dei å få støtte til ulike samarbeidsprosjekt/tiltak som inkluderer barn og ungdom frå mottaket.

  • Medlemsregistrering og medlemskontingent

Oppdatering av medlemsregister er viktig, men tidkrevjande.  Laga arbeider ulikt vedr. innkreving av medlemskontingent.  Nokre har sentral innkrevjing, andre gjer dette arbeidet lokalt.

  • Adresser og epostadresser til ulike lag og organisasjonar i Volda finst på heimesida til

Volda kommune dvs. dei som har registrert seg.  Ein vil oppmode lag og organisasjonar om å registrere seg her, slik at t.d tilflyttarar til Volda vil kunne orientere seg om kva som finst av aktivitetar å ta del i

  • Tippemidlar, grasrotandelen.

Føresetnaden for å kunne ta i mot grasrotmidlar er at organisasjonen driv lokal aktivitet og er registrert i det nyoppretta Frivilligregisteret.  Registrering gjer ein lettast på altinn

Ei kulturbru

Den nyaste flyktningguide-koplinga, Yelsa frå Eritrea og Silje frå Grevsneset

Den nyaste flyktningguide-koplinga, Yelsa frå Eritrea og Silje frå Grevsneset

Yelsa og Silje er nummer seks i rekka over flyktningguide-koplingar i 2009.  I går ettermiddag signerte dei ein ni månaders gjensidig frivillig avtale om å guide og å verte guida.  Yelsa kjem frå Eritrea og har budd i Volda eit par månadar, Silje er fødd her.  Eit par timar i veka er hermed gitt eit særskilt prioritert innhald; då vil dei desse to damene på den måten dei finn det best utveksle språk og lokalkunnskap med ei heilt konkret målsetjing: at Yelsa skal finne seg godt til rette i Volda.  Sikkert er det òg at Silje vil få innblikk i Eritreisk kultur.  Ei kulturbru.

Spar pengar, registrer laget i 2009

Så langt har 37 lag i Volda registrert seg i frivilligregisteret. I heile 2009 har lag og organisasjonar kunne registrere seg gratis.

blankett.jpg

Det er altså ikkje mange vekene att, om ein vil sleppe denne kostnaden. Ved at laget er registrert i frivilligregisteret er det òg mogeleg å delta i grasrotandelen gjennom Norsk tipping, og såleis kunne få ei ekstra inntekt. Dei som måtte kvi seg for skjemautfylling kan kome til Frivilligsentralen, underetg. på Rådhuset , ta med kopi av stiftingsdokument eller dokument som syner at eininga er oppretta, så skal vi bistå med resten.

21 ønskjer guide

Arbeidsgruppa går hausten i møte med systematisk verveaksjon!

Bli guide du òg, er bodskapen frå Ingun, Tsehai og Janne Helen

Bli guide du òg, er bodskapen frå Ingun, Tsehai og Janne Helen

Mange står på vent og ønskjer guide i Volda.  Ei bru som kan lette overgangen til nytt språk, ny kultur og nye menneske.  Arbeidsgruppa for flyktningguiden, som er samansett både av guide og guida i tillegg til representantar frå Røde kors og styret for frivilligsentralen, har ikkje tenkt å slå seg til ro med det.  Dei vil gå aktivt ut, invitere seg på besøk i lag og organisasjonar, stå på stand i gata og profilere seg i avisene med den enkle men viktige bodskapen om at kultur og språkforståing skjer i samhandling, at det er kjekt å treffe nye menneske, - at "saman er ein mindre åleine", for å seie det med Anna Gavalda. Du kjem garantert til å treffe dei!!

Fantastisk frivillig innsats første juledag!

Over 20 frivillige var denne jula med og lagde frivilligsentralen sin julefest første juledag. Over hundre gjestar fekk glede av denne fine innsatsen!

For sjette året arrangerer frivilligsentralen fest første juledag. Dei første åra var vi medarrangør i lag med fleire aktørar. Festen har vorte tradisjon, og for mange ein viktig del av jula. Frivillige stilte opp også i år, og det same gjorde dei uvurderleg viktige støttespelarane frå næringslivet i Volda. Takk alle saman!

Uttale vedr.forslag til frivilligplan for Møre og Romsdal fylke, frå styret for frivilligsentralen i Volda

Styret for frivilligsentralen i Volda har gått gjennom framlegget til frivilligplan for Møre og Romsdal og gir følgjande uttale.

Vi stiller oss svært positive til dettte framlegget.  Særleg er vi nøgde med måten frivilligsentralane vert framstilte på.  Vi ser det som viktig at det i ein slik samanheng, der samhandling mellom frivillig og offentleg sektor vert vektlagt, å understreke rolla vår som sektorovergripande koordinerande ledd, og ikkje som frivillige organisasjonar.  Spørsmålet er om det i endå sterkare grad kan vektleggjast det potensialet som frivilligsentralane representerer lokalt, nettopp som verkemiddel for slik samhandling i kommunane.

Frivilligplan___utkast.doc

Regnfull presentasjonsdag

Frå teltet kom opp tidleg laurdag formiddag og til det vart teke nedatt 3-4 timar seinare hølja det ned.  Kanskje ikkje å undrast over at berre vel ei handfull lag og utstillarar fann vegen til sentrum denne dagen..

presentasjonsdag_09_018.jpg

Men dei som stilte, gjorde det til fulle.  Ann Britt natteramn fekk i alle fall valuta for naglebitet med seks nye natteramnar!

Tanken bak dette arrangementet var å legge til rette ei ramme for lag og organisasjonar og andre aktørar for å presentere seg for nye i Volda.  Denne dagen var det heller få av både nye og gamle voldingar som baksa seg ut i regnet og vinden, og dei få som utfordra veret forskansa seg i bilar eller bak vrengde paraplyar og kappekragar.

Veret rår me ikkje over, men me i frivilligsentralen ønskjer tilbakemelding og innspel frå lagslivet om korleis slike arrangement for ettertida bør leggast opp.  Alt frå tidspunkt på året til lokalitetar og marknadsføring.  Det mangfaldige og aktive lagslivet i Volda fortener å bli sett og rekna med!

Dei modige

Den store dugnaden

246 866,14 vart i Volda søndag samla inn til Care

I tillegg kjem gåver frå næringsliv, frivillige organisasjonar og private.

Volda mannskor song i gong TV-aksjonen i Volda søndag, etter å ha overrekt ei gåve på kr 5 000 til Care.  Bøsseberarar står klare.

Volda mannskor song i gong TV-aksjonen i Volda søndag, etter å ha overrekt ei gåve på kr 5 000 til Care.  Bøsseberarar står klare.

Trass i at veret tilsa at mange, i staden for å sitje heime og vente på bøsseberarar, heller var på tur, noko som medførte stengde dører hist og her, vart også TV-aksjonen i år vellukka.  Vel 50 bøsseberarar i sentrum og 38 i bygdene samla i alt inn 245 866,14 kroner til Care.

Fin bursdagsfest for føregangsmannen Sivert Aarflot

Ei av etterkomarane etter føregangsmannen Sivert Aarflot, er Silje Aarflot.  Ho leverte ein flott minikonsert i lag med Karin Holsvik på festen fredag.

Ei av etterkomarane etter føregangsmannen Sivert Aarflot, er Silje Aarflot.  Ho leverte ein flott minikonsert i lag med Karin Holsvik på festen fredag.

Etter at Kultur-og næringssjef Gunnar Andenes hadde presenterte ei historisk ramme kring hovudpersonen Sivert Aarflot,  entra studentrevyen "scena" som klasse 3B frå Bratteberg skule.  Frå Volda skulekorps med feiande marsjar og til Volda Kyrkjekor med takter frå sør, losa Jenny Venås forsamlinga gjennom programmet med sitat frå jubilanten.  Før Silje Aarflot og Karin Holsvik heldt ein strålande minikonsert, vart forsamlinga servert bollar og brus i god bursdagsfestånd. På førehand var alle med busdag denne dagen inviterte til å feire i lag med jubilanten.  Eit bursdagsbarn fekk kome på scenen og få bursdagssang.

Lin, ljåstål, dyreavl og hampdyrking

ein viktig arv etter Sivert Aarflot

Arbeidsglad dugnadsgjeng

Heidi og Astrid fekk, under førebuinga til FESTiVOLDA, knapt løfte ei bruskasse eller ein taperull før minst fire par hender var parat til å hjelpe

Maken til dugnadsgjend skal ein leite lenge etter!

Teltet kom opp fort og flott, og då arrangementet var slutt søndag, var det heller ikkje noko problem å få det nedatt. Lampar og diesel-brennar vart monterte, dukar kom på borda, skilt og bossdunkar flytte på plass og ingenting var tungt eller vanskeleg.

Språkvanskar er sterkt overdrive.  Ein kjem langt med smil og latter. Vi veit i alle fall kven vi skal kontakte neste gong vi treng samarbeid om ei oppgåve, og vi rår andre til å gjere det same, -ta turen inn om gamlebanken!

Utan dugnadsgjengen på Asylmottaket hadde iallefall ikkje vi kome i mål med innspurten til FESTiVOLDA!  Takk!

SIDEKART

untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb