
CD-en tek form

Ingrunn og Birgit prøvar ut opptaka av geiter, elvesus og fuglesong, lydkulissar som skal setje lydaren i rette stemningsleiet
Plateslepp og lansering vert i byrjinga av september!
Oppmodar lokalpolitikarane om å verte flyktningguidar!
Spanande og lærerikt, seier Åshild
Amina, tolk Antar og Åshild
Amina og Åshild møttest for første gong i ettermiddag, på frivilligsentralen, der dei inngjekk avtale om å treffast jamnleg fram til november, altså ein periode på ni månadar. Det er dette som er det vanlegaste når vi koplar guide og guida saman. Damene kjem til å vere godt kjende i denne tida. Amina vil heilt sikkert kome på besøk til Lauvstad etter kvart, og verte kjend med garden og ikkje minst hesten til Åshild. Først skal dei treffast i Volda før dei tek turen over fjorden.
Åshild, som sit i kommunestyret for SV, har mellom anna har vore med og vedteke at Volda skal busetje endå fleire flyktningar i 2010. "Eg vil vere med å ta godt i mot dei som kjem til Volda", sier Åshild, som oppmodar lokalpolitikarar som å melde seg som flyktningguidar.
Somaliarar inviterer til å starte ny foreining i Volda

Guleed inviterer til å etablere Norsk somalisk foreining i Volda
Som første ikkje-norske etniske gruppe i Volda er somaliarane først ute med å etablere foreining. Men ikkje for å isolere seg som etnisk gruppe; tvert imot: Norsk Somalisk foreining i Volda vert open for alle! Førstkomande torsdag er det ope møte i salongen på samfunnshuset.
Foreininga er tenkt å ha følgjande føremål:
- Å arbeide for betre kontakt og samhandling mellom somaliske og norske i Volda
- Å vere eit forum for spørsmål som vedkjem somaliske i møte med det norske samfunnet
- Å betre integrering av somaliarar i Voldasamfunnet
- Å skape møteplassar og fremje gjensidig kulturforståing mellom somaliarar i Volda og andre Voldabuarar
På dette møtet ønskjer ein idear til tema og aktivitetar for den nye foreininga. Ein ønskjer òg at det melder seg personar som kan tenkje seg å sitje i styret, førebels eit interimstyre, fram til det første årsmøtet.
Foreininga vil verte organisert som ein vanleg norsk frivillig medlemsorganisasjon. Frivilligsentralen bistår med det formelle.
CD-prosjektet utsett til våren
Førebels lanseringsdato er 10. april 2010, melder leiar for Folkeakademiet Volda og primus motor for prosjektet, Ingrunn Aud Humberset.

MArie Lovise Widnes
Det var under festspela 2008 idèen vart fødd om å forevige litt av kulturskatten som Marie Lovise Widnes sit inne med. Ho har nemleg eit unikt repertoar av voggeviser, regler og rim som ho har samla, m.a. etter eigne besteforeldre. Marie har vore i studio og opptaka er gjorde. Framleis står det att ein del detaljar som må på plass før plata er ferdig. Det er Cigar Studio v. Kyrre Grimstad som står føre det tekniske, med Birgit Berg som produsent. Tiltaket vert jobba fram i nært samarbeid med frivilligsentralen. "Dette hadde ikkje vore mogeleg utan frivilligsentralen", understrekar Ingrunn Aud.
Klare for ein aktiv vår
På styremøtet sist måndag drøfta styret planen for våren. Styret ønskjer aktivt samarbeid med asylmottaket om frivillig aktivitet, med Røde kors om framleis drift av flyktningguiden, og snart vert det invitert til nytt kultur-og frivilligforum.

Sektorovergripande
Det er sektorovergripande samarbeid som kan stå som ein fellestittel på vårplanen.
Mykje av planen er vidareføring av eksisterande tiltak, som fryktningguiden og natteramnane. Vi stiller oss til rådvelde for lag og organisasjonar som treng støtte eller drahjelp, som t.d Folkeakademiet Volda sitt cd-prosjekt. Astrid held fram som nettverksleiar ei tid til. Tema for neste kultur-og frivilligforum vert kulturhusplanane. Dette vart meldt på det opne møtet om saka i november i fjor.
Frivilligmelding
På planen står frivilligmelding. Etter initiativ frå frivilligsentralen vart dette spørsmålet lufta i fjor vår. Saka vart drøfta i driftsstyret, der det vart signalisert interesse for å få gjort eit slikt arbeid for å få fram omfanget av frivillig sektor si breidde og betydning i Volda. Frivilligsentralen vil løfte saka fram att i vår i von om at det vert vedteke å gå i gang med kartleggjing av denne uvurderleg verdiskapande samfunnssektoren.
FESTiVOLDA 2010
Det går mot Internasjonalt og fleirkulturelt fokus i FESTiVOLDA i år, som vart beramma til 20-24. oktober. Førebuingane vil ta til i mars-april.
Problem med snøen?
Snøpatruljen står klare med nye spadar, det er berre å ringe!

Snøpatruljen "Team five" hjelper gjerne!
Ei gruppe asylsøkarar ved Link Mottak tilbyr seg å hjelpe dei som har problem med snøen. Hjelpa yter dei heilt gratis, men om du likevel kan tenkje deg å betale litt, gi det til frivilligsentralen. Det vil då gå til å dekke utgiftene til snøspadar, vottar og andre påkomande behov. Ring: 70058848 eller 917 25 639.
Tynt kulturforum
Det var få som i går fann det interessant å møte på kulturforum for å drøfte og gi innspel til kulturhus. At mange ville følgje gull-løpet til Tora er neppe heile forklaringa, men me vel å tillegge det stor vekt. For no er tida for å gi innspel til dette viktige kulturløftet som Volda er i ferd med å gjere.
For dei få som møtte var det likevel eit godt høve til kreativ høgttenkting i lag med ordførar, representant for styrings-og prosjektnemnd, kultur-og næringssjef og ein representant frå eit av dei mange frivillige aktivitetslaga i Volda. Kanskje er det nettopp i slike små fora, der det er høgt under taket når det gjeld meiningsutveksling dei beste ideane kan kome?

Målprisen gjekk til www.voldaveiret.no. Ein lattermild vinnar Olav Hauso er her flankert av ei like blid Sissel Andersen og Roger Nedreklepp i målprisnemnda.
Språkkompetanse handlar om deltaking
Styret for Volda mållag hadde invitert leiar for Noregs mållag, bjørkedalingen Håvard Øvregård til til årsmøtet 9. mars, og han heldt eit svært inspirerande innlegg for dei frammøtte.

Målsaka er ikkje verken nærsynt eller utdatert, kunne han slå fast. Tvert i mot er språkkompetanse noko av det viktigaste vi kan ha i dag i vårt stadig meir internasjonale samfunn. Å frita innvandrarborn for sidemålsopplæring er å fråta dei muligheiter.
Språkmedvit er ikkje sært, det er universelt. Det språkkløyvde Noreg vert møtt med ei heilt anna interesse av menneske med anna språk-og kulturbakgrunn enn det vert av folk flest her til lands, der dei fleste ser på sidemålet som noko herk.
Frå årsmøtet elles: Anders Aanes overtok leiarvervet etter Ingebjørg Osdal.