Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Stev, segn og sull i den kulturelle spasèrstokken 

017.jpg

Bebuarane på Fjordsyn fekk ei særs koseleg formiddagsstund i dag, i lag med Birgit Berg og den kulturelle spasèrstokken.  Det var tradisjonssong frå fleire delar av landet ho hadde på programmet i dag, Birgit, og det fenga.

Eit lite dugnadstiltak vart det òg undervegs,-for korleis er no teksten på "Tordivelen og flua" igjen?  Birgit presenterte fleire versjonar av melodien på denne, truleg har Prøysen "snoka litt rundt" og lånt litt her og litt der når han har snekra saman sine versjonar av det som seinare skulle verte kollektivt folkeeige.  Men korleis var teksten? Den sat langt inne, men dukka fram!

Folkesongen er felleseige.  Den har vorte munnleg overført, vandra og endra, såleis lever mange versjonar side ved side.  Birgit har eit rikt repertoar, og framover vil ho dele dette med dei eldre, både på Nilletun, Omsorgssenteret og på Folkestadtun, om lag på same måten som dei i dag fekk på Fjordsyn.  Takka vere den kulturelle spasèrstokken. 

DEN SJUANDE JULEFESTEN

julefestkomite655.jpg

Planlegginga av den årlege julefesten er i gang!  I går møtte det såpass mange at me tek sjansen på å køyre i gang "apparatet" for sjuande gong, og sender her og no ut apellen til næringsdrivande og andre om å støtte denne flokken av frivillige, og såleis vere med på dugnaden! 

For mange er denne festen det store lyspunktet i jula, ei høgtid som det kan vere tungt å kome gjennom om ein ikkje har nære rundt seg. Denne gongen vert det ein rein vaksenfest.  Småbarnsfamiliane får eit anna tilbod, som ein flokk liberianske kvinner vil arrangere på Ørsta kulturhus 3. juledag.  Meir informasjon om denne festen kjem etter kvart.

Julefesten første juledag vert som tidlegare år på Volda Omsorgssenter, og etter om lag same lest som før. 

 

Og den som er doven må sulte..

pa210004.jpg

Det var full konsentrasjon då førsteklassingar frå Volda-skulane fekk oppleve Hege Holmqvist fortelje om Benjamin som var så lat at han heller ville døy enn å arbeide..

Opphaveleg skulle denne forestillinga vere ein del av FESTiVOLDA Internasjonale Volda.  Inspirert av forteljartradisjon frå ulike delar av verda har Hege sydd saman ei ny forteljing, og det var tydeleg at denne slo an mellom førsteklassingane.  Litt kjølig, men i trangt lokale og under varme ullteppe heldt forsamlinga varmen bra.  Løa på bygdetunet er ei særs hyggjeleg ramme for formidling av god forteljartradisjon, og Hege ein framifrå formidlar!

Arrangementet var i regi av den kulturelle skulesekken utarbeidd og framført av Hege Holmqvist i samarbeid med  Frivilligsentralen og Volda bygdetun.

Alle fekk besøk i Volda også i år!

Slik kan òg bøsseberaren verte motteken
Slik kan òg bøsseberaren verte motteken

TV-aksjonen vart gjennomført etter tradisjonell oppskrift i Volda. Trass i litt misnøye med lang ventetid på bøssa søndag, kom bøsseberarane att blide og nøgde over å ha vore med på årets mest meiningsfulle søndagstur.

For mange er det å delta i TV-aksjonen viktig.  Også i år var det mange born som gjekk med bøsse i lag med foreldra sine. Over 270 000 kroner var innsamlingsresultatet i Volda etter at bøssene var talde opp kl. 19.00.  I etterkant kjem det alltid inn meir, det endelege reultatet let dermed vente på seg ei stund til.

Mange flyktningar, busette i Volda, deltok i år på aksjonen, som gjekk til Flyktninghjelpen.

Stålande cd-lansering i Vanylven

Ingun Aud Humberset, Marie Lovise Widnes og Birgit Berg
Ingun Aud Humberset, Marie Lovise Widnes og Birgit Berg

CD-prosjektet er fullført!  Fredag vart plata presentert for Marie sitt næraste publikum, sambygdingane i Vanylven.  Det berre to år gamle mållaget stor føre ein flott fest for Marie, to dagar før ho fyller åtti.

Kultur i fleng!

Nokre av medlemene i komitèen for den kulturelle spasèrstokken, Heidi, leiar for Volda bygdetun, Astrid, avdelingsleiar, Liv, leiar for eldrerådet, Astid, leiar for dagsenteret, Gunnar, kultur-og næringsjef og Åse, avdelingsleiar.
Nokre av medlemene i komitèen for den kulturelle spasèrstokken, Heidi, leiar for Volda bygdetun, Astrid, avdelingsleiar, Liv, leiar for eldrerådet, Astid, leiar for dagsenteret, Gunnar, kultur-og næringsjef og Åse, avdelingsleiar.

Den kulturelle spasèrstokken har vore ein udelt suksess i Volda.  I fjor fekk kommunen tildelt 100 000 kroner, som kjem eldre, både institusjons-og heimebuande til gode. 

Her vert det lagt planar for neste års søknad, som slett ikkje kjem til å innehalde færre gode tiltak.  Mellom dei ulike postane finn vi film-perler frå farne dagar, samla og systematisert av museumslag, vi finn museums-besøk og forteljarstunder, og på den profesjonelle sida; innslag knytt til kammermusikkfestivalen og dei nynorske festspela. 

Kulturell aktivitet og deltaking gir for eldre menneske langt betre utteljing på folkehelse enn fysisk trening, kunne kultursjefen slå fast i møtet.  Vi kan trygt legge til ..og frivillig engasjement og sosiale samkomer!

Team five på Norge Rundt sist fredag, sjå klippet her!

Ingunn ute, Ella tilbake

Styreleiar Ann Britt Våge Fannemel, Ella Vasskog og Ingunn Rusten Øye
Styreleiar Ann Britt Våge Fannemel, Ella Vasskog og Ingunn Rusten Øye

I går heldt frivilligsentralen årsmøte.  Engasjert styremedlem gjennom seks år, Ingunn Rusten Øye, gjekk ut av styret, men vart erstatta av Ella, som òg har lang fartstid i styret for frivilligsentralen.  Ella har vore ute av alle verv i tre år, og me ønskjer henne velkomen tilbake.  Kontinuiteten er sikra i nye to år.  Ann Britt tok attval som leiar og Elin Dahlen overtek som nestleiar. Kjell Holby gjekk òg ut av styret.

FEST I VOLDA 2010 avlyst

gunnar_andr__og_camilla665.jpg

Det er no klart at FESTiVOLDA 2010, vert avlyst.  Hovudgrunnen til dette er sviktande økonomi.  Det har har vore sendt søknadar i fleng, og dei vi i nemnda ikkje har fått avslag på, må vi vente så lenge på svar frå at planlegging og førebuing vert uråd.

Dette er realitetane.  I tillegg har det frivillige Volda heller ikkje synt overvettes interesse og engasjement dei gongane dei har vorte inviterte.  Dette tek vi til etterretning, og konstanterar vel såleis med at det er nok fest i Volda om hausten.  Både studentveka og kyrkjemusikkveka har omfattande program, og alt føregår på ein gong.

Kvardagane

Dermed siktar me oss inn på kvardagen og droppar festen.  FESTiVOLDA vart i si tid til ved å slå saman kyrkjemusikkveka og Internasjonale dagar.  Kyrkjemusikkveka trekte seg ut att, og Internasjonale dagar har forsvunne ialle fall i dei to foregåande års arrangement.  Det er kanskje på tide å føreta ei evaluering og sjå kva vi har trong for i Volda.  Nemnda konkluderer forsiktig med at det nok ikkje er fest det er mangel på, at det er flest kvardagar i året, og at det er i desse dei viktige føresetnadane for eventuell feiring skal leggjast. 

Møteplass

Det er trong for fleire utformelle møteplassar i Volda.  Det er her vi no ønskjer å sette inn jobbinga, slik at aktivitetar og innhald i dei neste Internasjonale dagane kan springe ut derifrå.

"What can we do for you?"

spør Team five, og takkar kommunestyret for at dei har fått kome til Volda.

 

Team five
Team five

Dei har nådd å hjelpe mange i Volda, desse blide karane frå Link mottak, etter at dei etablere team five.  Innkøyrslar og trapper har vorte moka fri for snø på eit blunk, og det er heller inga sak om bilen står på tvera på glattisen. Nei er eit ikkje-eksisterande begrep.  Om det ikkje går i dag, går det sikkert i morgon er eit av deira positive motto.

Ønsket er eit lokale der mangfaldet kan finne saman til samver og ulike aktivitetar.  Til glede for Volda.

Anført av Maurice presenterte team five seg i ettermiddag for kommunestyret, dei avslutta med å synge We are the World, og Kommunestyret kvitterte med applaus!

Gjensidig nytte og glede 

Leti og Randi har funne kvarande til gjensidig hjelp og trivsel.  Leti lærer norsk og Randi får praktisk hjelp i kafeen.
Leti og Randi har funne kvarande til gjensidig hjelp og trivsel. ; Leti lærer norsk og Randi får praktisk hjelp i kafeen.

"I dag har det vore over 80 personar her", smiler ei litt overrumpla Randi, som på tredje kafedagen nesten må klype seg i armen!

For ho visste ikkje kva ho kunne vente, Randi, som etter fleire år ute frå arbeidslivet på grunn av sjukdom, no tilbake i god form, fekk den "ville" ideen å opne kafè på bedehuset. 

Suksessen er eit faktum!  Det er ikkje anna enn lovord å høyre.  I går var salen full av folk i alle aldrar som hygga seg med Randi sin heimelaga gjærbakst, ostekake og karbonadesmørbrød. 

Med på laget har ho eritreiske Leti, som i påvente av svar på om ho får verte verande i landet melde seg som frivillig til frivilligsentralen, som igjen kopla ho med Randi.  I lag med Randi på kafeen lærer ho norsk, og til alt hell er det mange eldre kafègjestar her, og ikkje alle er like stive i engelsk, så her er det norsk som gjeld!  Verkeleg gjensidig nytte og glede mellom Leti og Randi.

Flyktningguidar bryr seg

Ei engasjert Hilde Brenne på flyktningguide-samlinga sist onsdag på Røde-kors-huset
Ei engasjert Hilde Brenne på flyktningguide-samlinga sist onsdag på Røde-kors-huset

"To timar i veka" seier Røde Kors-og frivilligsentralen når dei koplar guide med ein nyleg tilflytt flyktning i Volda. I teorien,ja..

Det er berre det at ekte engasjement sjeldan let seg begrense av fastlagde rammer. Det skal det heller ikkje. Frivillig engasjement fører svært ofte til vennskap, og vennskap følgjer sin eigen "logikk".

Det betyr ikkje at to-timars-regelen ikkje gjeld, det er den som vert forventa. Hos mange er det også den som vert praktisert, men det sårt tiltrengde flyktningguide-møtet sist onsdag avslørte stort og ektefølt engasjement og mange spørsmål.

Det vert garantert fleire slike møte der frivillige får kome saman og utveksle tankar og erfaringar i det å vere flyktningguide.

 

Team five i Norge Rundt

Bak maska skjuler Maurice seg.  I lag med resten av teamet underheldt dei på omsorgssenteret med dramatisering av korleis det går føre seg når ein skal lære det norske språket
Bak maska skjuler Maurice seg. ; I lag med resten av teamet underheldt dei på omsorgssenteret med dramatisering av korleis det går føre seg når ein skal lære det norske språket

Dei har vore i kommunestyret, i lokalavisene i Volda og Ørsta, og i nærsynet.  Dugnadsgjengen byggjer merkevare.  I går opptrådde "team five kultur" på omsorgssenteret, før "team five hjelp med glede" gjorde reint bassenget utanfor, og avslutta med å plukke søppel på Moritsmarka.  Tett følgde av NRK sitt TV-team for Norge Rundt..

Startar Dublin-skule

p4200001.jpg

IKkje alle asylsøkarane har same rettane når det gjeld språkopplæring.  Dei såkalla "dublienerane", asylsøkjarar som ventar på å få saka si prøvd i det første landet dei søkte opphald i, har ikkje rett til slik opplæring. 

Anne Guri og Karl Erik, som begge er lærarar, går no i gang med språktrening for denne gruppa. Om det vert norsk eller engelsk, eller begge språka, vert opp til elevane, som er av fleire nasjonalitetar og med svært ulik språkbakgrunn. 

Desse, hovudsakleg unge mennene, har hittil hatt lite å fylle dagane med.  Kjekt å kunne vere med og bidra til at "tilveret på vent" kan vere meir enn å berre å ete og sove, meiner dei to frivillige, som førebels vil halde til med undervisninga på Øvretun.   

Somaliarar tek inititativ til å starte internasjonal foreining i Volda

Engasjerte somaliarar for everrkulturell samhandling i Volda
Engasjerte somaliarar for everrkulturell samhandling i Volda

Det var på det tillyste møtet  om etablering av norsk Somalisk foreining i Volda i går kveld at forslaget kom.  Det var nemleg svært skuffande frammøte av etniske norske til dette møtet, der somaliarane i Volda hadde mobilisert imponerande godt!

Somaliarane er ei av mange etniske grupper i Volda, og Volda er eit lite lokalsamfunn.  I staden for at berre denne etniske gruppa skal danne ein eigen organisasjon som skal arbeide for gjensidig kulturell og sosial forståing og inkludering i Volda, vil dei no invitere andre grupper til å arbeide for dette føremålet i lag med dei.  Dei kulturelle utfordringane kan vere ulike, men målet er det same,- deltaking og inkludering i Voldasamfunnet. Om kort tid vil det verte invitert til eit nytt ope møte, men denne gongen til etablering av Internasjonal foreining i Volda.

Flott inititativ!

 

Ein skulesekk med forteljing

Engasjer Hege Holmqvist både lyttar og formidlar
Engasjer Hege Holmqvist både lyttar og formidlar

21. oktober vert det engasjerande for 1. og 2. klassingane i Volda når Hege Holmqvist skal presentere det endelege resultatet.  Noko av grunnlaget vart lagt onsdag kveld då Charlotte, Zaide og Meseret var samla i stova hennar for å fortelje frå sine heimland.

Eigentleg skulle dette programmet vere ein del av FESTiVOLDA.  Vi valde likevel å gjennomføre det planlagde tiltaket, som er i samarbeid med den kulturelle skulesekken. 

I tillegg til å engasjere og formidle forteljingar, har dette eit vidare mål.  Vi vil syne at forestillingsverda vår har svært mykje til felles.  Men det er òg skilnadar, som heng saman med kva omgivnadar vi lever under, og naturvilkår.  Kor vi framstiller varmt og kaldt kan t.d vere ulikt i afrikanske land og her..  Heller står ikkje eselet så sentralt i våre eventyr som det vil gjere i andre delar av verda.  Men forteljingane har same funksjon, dei er berarar av ein felles kulturell arv.

Huslaus etter brann

Den eksplosive brannen, som starta i brannstasjonen på Rådhuset i Volda i går, tok heldigvis ikkje liv, men har gjort heile kommuneleiinga huslause.

Frivilligsentralen held til i nedste etasje i ein del av bygget som ikkje vart direkte råka av brannen.

Rådhuset er stengt i dag, og det går truleg nokre dagar før vi kan flytte innatt på kontora våre.  Dei av oss som kan det, delar av bygget er totalskadd.

Inntil vidare vil frivilligsentralen ha heimekontor, og prøver å halde hjula i gang derifrå.

Cd-en "So dilla du di rompe"er lanseringsklar!

Åtti år gamle Marie Lovise Widnes, plateaktuell med So dilla du di rompe
Åtti år gamle Marie Lovise Widnes, plateaktuell med So dilla du di rompe

Det vert lansering i to omgongar av denne litt spesielle produksjonen, ei samling voggeviser og barnesongar, samla og formidla av Marie Lovise Widnes. Utgivar er Folkeakademiet Volda, som godt hjelpt av frivilligsentralen, endeleg kan sjå sjå fram til sluttføringa av prosjektet.  19. oktober vert det lansering i Hareid, i samband med "Ballegôve" under Hareidsstemna, med Hareid mållag som vertskap. 29. oktober, to dagar før Marie fyller 80, inviterer Vanylven mållag til kulturkveld i Syltefjord bygdehus

Den som ventar på noko godt ventar ikkje forjeves, heiter eit ordspråk.  Og Birgit Berg sin produksjon er verdt å vente på, for dette har vorte noko heilt spesielt.  I lag med teknikar Kyrre Grimstad i Cigar studio i Ørsta, har Birgit trolla fram kulissar og stemningsrammer som sender lyttaren rakt attende til ei anna tid. Her møter me mekring og breking av beitande dyr, bekkesildr og bølgebrus, voggeknirk og knitring av brennande kubbar i omnen som illustrasjonar til songar og forteljingar.

"Vona er at plata skal vere med og berge denne skatten for ettertida. Berge, og føre vidare til andre generasjonar", seier Ingrun Aud Humberset, leiar for Folkeakademiet Volda,  som vonar dei mange kjekke songane og reglene vil verte å høyre både i heimar og i barnehagar framover hausten.

Frå lanseringa i Vanylven fredag 29. oktober

Strikkekafè på legeloftet

Strikkeglade Wenche er initiativtakar til dette positive tiltaket, og håpar mange vil vere med og dele denne kreative hobbyen!
Strikkeglade Wenche er initiativtakar til dette positive tiltaket, og håpar mange vil vere med og dele denne kreative hobbyen!

Frå tysdag 23.november opnar eit nytt tilbod i regi av frivilligsentralen.  For dei med ledig formiddagstid og interesse for strikking og anna handarbeid vert fellesstova i 3. etg. på legeloftet treffstaden!

Sosiale treffstadar har lenge vore etterlyst på frivilligsentralen, som manglar eigne lokale.  No startar vi det første, og dette rettar seg inn mot dei strikkeglade som har ledige formiddagar.  Vi lover rykande varmt vaffeljarn i flittig bruk og kaffi og te. 

Vi trur at dette kan verte eit kjærkome tiltak både for dei som bur på legeloftet, og for andre som synest formiddagar er eit fint høve å treffe andre over eit handarbeid.  Strikking er veldig moderne, og her kan ein gi og få tips, utveksle oppskrifter, og kanskje kan det òg emnast på eit fellesprosjekt?

Ialle fall: Vel møtt tysdag!

12Neste
untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb