Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Stålande cd-lansering i Vanylven

Ingun Aud Humberset, Marie Lovise Widnes og Birgit Berg
Ingun Aud Humberset, Marie Lovise Widnes og Birgit Berg

CD-prosjektet er fullført!  Fredag vart plata presentert for Marie sitt næraste publikum, sambygdingane i Vanylven.  Det berre to år gamle mållaget stor føre ein flott fest for Marie, to dagar før ho fyller åtti.

Forutan sjølve platesleppet, der publikum både fekk høyre smakebitar og applaudere kvinnene bak tiltaket (den einaste mannen, teknikar Kyrre var ikkje til stades), presentere arrangørane eit rikhaldig program.  Mellom anna fekk me vere med på ei reise tilbake i Marie sitt innhaldsrike liv, presentert av sonen Nils.  Flott trekkspelmusikk vart framført, og både kultursjefen og ordføraren heldt helsingstalar.

Vanylven er godt rusta med kulturkrefter, ikkje minst innan det litterære feltet, men denne gongen var det ikkje eigne dikt Hilde Myklebust deklamerte, men Marie sine, til akkompagnement av søstra.

Det kan vel hende Marie var ein tanke rørt då den fullsette salen i heimbygda stemde i med Gangdøra, ønskjekonsert-klassikaren gjennom femti og seksti-talet.

Ingen sparte på velfortente godord denne kvelden.  Terje Kjøde, leiar for Sunnmøre mållag overrekte jubilanten eit eksemplar av Den nynorske songskatten av Terje Årset, og bøker vanka det òg frå Noregs mållag, representert ved leiaren Håvard Øvregård. Øvregård la ikkje skjul på at han kjende det som ei stor ære å få delta i dette spesielle høvet.  Marie Lovise Widnes vart nemleg heidra som æresmedlem i Noregs mållag i 2006, som ein ukueleg nynorskforkjempar.  I god tradisjonell frivillig lagsånd var det loddsal med bokpremiar.  Sjølvsagt vart det servert kaffi og kaker.

Hovudpersonen Marie song ein smakebit frå plata, og fortalde ei sann historie om vandringa til ei voggevise, som me òg fekk høyre.

Ingrunn selde plater og er strålande nøgd, noko ho har all grunn til! Dette var eit inititativ og eit frivillig engsjement det står stor respekt av! Kjekt at me i frivilligsentralen fekk høve til å vere med å realisere kulturberginga "So dilla du di rompe", som no er i sal på Statoil, Shell og Mix.

untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb