Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Møtestad Røde-kors-huset

Initiativtakarane til treffet, Rønnaug, Espen og Solveig
Initiativtakarane til treffet, Rønnaug, Espen og Solveig

Inspirasjonsmøtet i går kveld vart rett så inspirerande! Dei kring 35 frammøtte var engasjerte og idèrike, og svært mange vil vere med i styrings-gruppa. Alt om to veker vert det nytt treff, nærare bestemt laurdag 11. desember.  Alt tyder på at dette er liv laga, og at det såleis kan verte etablert ein fast internasjonal møtestad i Volda!

Strikkekafèn i gang

Anna Lisa er av dei meir avanserte i kunsten
Anna Lisa er av dei meir avanserte i kunsten

Sist tysdag formiddag var 13 strikkeglade damer (herrane uteblei) samla på legeloftet til strikkekafè.  Eit kjekt sosialt tiltak, som etter planen skal verte fast tysdagsformiddagane framover vinteren.

Strikking er in!  Det som for tidlegare generasjonar kvinner var ein dyd av nødvendigheit for å halde store og små føter og hender varme med heimestrikka ull, er i dag nærast ei kunstart.  Ved hjelp av garn i alle tenkjelege kvalitetar og tjukkleikar og strikkepinnar, kan dei mest kunstferdige kreasjonar skapast.  Dei innvidde brukar bambus-pinnar, dei klirrar ikkje, lærte vi tysdag.. 

Fleire av dei fastbuande på legeloftet stilte med strikketøy, og i lag med dei yngre damene vart dette òg eit treff på tvers av generasjonar.  To lærte faktisk å strikke på dette første strikkekafè-treffet, og det må me kalle ein lovande start!  Neste treff: Tysdag 30. kl. 11-13.30!

Varmt vennskap gjennom Flyktningguiden

Filsan og Oddbjørg var for eit knapt år sidan "kopla" gjennom flyktningguiden.  No er denne avtalen gått ut, men damene treffest framleis, vennskapet har overteke.  For begge betyr dette svært mykje, vesleguten til Filsan kallar Oddbjørg for tante.  I desse dagar går det i kakebakst og juleførebuing på norsk vis, også for ei lita somalisk familie som ikkje frå før av har noko forhold til jul.

Flyktningguiden er tidsavgrensa avtalar, med klare mål.  Men alt er basert på frivilligheit, og dette er langt ifrå eineståande døme på at vennskapet overtek for formalitetane.  Flyktningguiden i Volda vert drive av Røde kors og frivilligsentralen i fellesskap, og behovet for guidar er stort!

001.jpg

Førjulstreff på Røde kors-huset

Sist tysdag var første treff på "Møteplassen", som førebels er nemninga på det nye internasjonale treffet som Røde Kors-ungdom står bak.  Mange møtte fram denne ettermiddagen.

Det var Røde Kors Ungdom som for om lag to veker sidan inviterte til eit møte for å drøfte internasjonal møteplass i Volda.  Første treffet var altså no tysdag. Omar Sayda viste lysbilete og fortalde om heimlandet sitt, Kurdistan.  Han er den første ut i noko som vi vonar kan vere ein "stafett" for å verte kjende med heimlanda som mange som er vorte busette i Volda har måtte flykte ifrå. Neste vert Afghanistan.

Det vart servert gløgg og peparkaker, som seg hør og bør denne tida.  Fin start på eit viktig tiltak!

Omar Sayda frå Kurdistan fortel om heimlandet sitt
Omar Sayda frå Kurdistan fortel om heimlandet sitt

Frå festen

Forhånd.12
untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb