Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Strikkekafèen endrar dag til måndagar!

030.JPG

Då det har kome reaksjonar på at strikkekafèen har same dag som Røde-kors- kafeen på samfunnshuset, vert det frå komande veke av endra til måndagar. Kanskje er det fleire som kan tenkje seg å delta på begge?

 

Den sosial formiddagsstunda med kaffi, vaflar og strikk har vorte noko mange ser fram til.  Det har vorte eit triveleg tiltak for dei som har bustaden sin på legeloftet, i tillegg til andre strikkeglade.. i all hovudsak damer.  Det er plass til fleire!  Møt fram på legeloftet, 3. etg i enden av gangen måndagar kl. 11.00.  Wenche er klar med kaffi og vaflar til kr. 25,-  Vel møtt!

TV-aksjonen nærmar seg

Søndag 23. oktober går startsskotet for årets TV-aksjon Norsk Folkehjelp "Vi rydder for livet".  Her i Volda er førebuingane godt i gong, og du kan alt no melde seg som bøsseberar.  Dette kan gjerast på følgjande vis:  Ring 02025, eller send sms: TVA til 2080, eller gå inn på www.blimed.no. Om du vil melde deg direkte til frivilligsentralen i Volda, er du sjølvsagt velkomen til det.

Det er Norsk Folkehjelp som er mottakar av årets TV-aksjon.  Dei innsamla midlane til gå til rydding av miner og klasebomber i 6 land.  Millionar lever i frykt for å trakke feil i sitt eige nærmiljø.  Denne søndagen kan du ta årets mest meiningsfulle søndagstur i ditt nabolag- på vegner av dei som ikkje har høve til å gjere det same. 

Det vert ope for henting av bøsse og tildeling av rode frå måndag 17. oktober på Frivilligsentralen, og her gjeld "først til mylna"-prinsippet om du vil ha ei bestemt rode!

Ivrige bøsseberarar og rause givarar i årets TV-aksjon

Blide innsamlarar til Norsk Folkehelp
Blide innsamlarar til Norsk Folkehelp

I alt 90 bøsseberarar i Volda kommune samla i løpet av ettermiddagen i går inn kr. 260 258,50 til Norsk Folkehjelp. Med alle bidrag, inkl. regjeringa sitt, har kva Volding bidratt med kr 45,49, og det har vi all grunn til å vere nøgde med! 

Med unnatak av nokre ytterst få fekk alle bustadar i Volda besøk av ein bøsseberar i går.  For oss om sat i banken var det ei god oppleving å møte spente born som ivra etter å få opna loket på bøssa og sjå kor masse pengar dei hadde samla inn.  Og det var flust med store setlar i bøssene denne tv-aksjonen, -voldingane har vore rause.

Resultatet av TV-aksjonen vert merkbar.  Norsk Folkehelp sin innsats for å rydde miner og klasevåpen betyr forskjel på liv og død for svært mange. Det betyr trygge  leikeplassar og fotballbaner, sikre skulevegar, markar som igjen kan takast i bruk for å dyrke mat, -ein  kvardag utan redsel for å verte lemlesta eller drepte av søppel etter forgangne krigar,- i enkelte land fleire tiår etter at krigen er over.  

Årets store solidaritetsdugnad vel blåst!

 

Arbeidet med frivilligmelding er i gong!

Styret for frivilligsentralen har vedteke at frivilligsentralen skal stå føre det praktsike arbeidet med å utarbeide frivilligmelding.  Arbeidet skjer i nært samarbeid med kulturavdelinga, innvandrarkontoret, idretten, eldrerådet og ungdomsrådet, som alle er representerte i styringsgruppa. 

Sist torsdag var styringsgruppa innkalla, og dei som møtte bidrog aktivt til oppstart av ein prosess som vil kome til å ha betydning for det frivillige Volda framover.  Planen er å føreta ei til dels omfattande registrering av det frivillige lagslivet i Volda, slik at det kan dannast grunnlag for å utvikle ein frivilligpolitikk.  Vi ønskjer å lage ein tilstandsrapport der grunnlagsdata er henta frå sektoren sjølv, og på den måten medverke til synleggjering av mangfald,samfunnsverdi og utfordringar. 

Fagleg bistand til å utarbeide registreringsskjema vert henta frå Møreforsking.  Sosiale media er òg aktuelt å ta i bruk i prosessen.  Vi vonar dei mange leiarane av laga i Volda ser nytten av dette arbeidet og følgjer opp når dei får skjemaet i hende.

 

Idun, Aurora og Eline har i fleire år bidratt med både song og servering
Idun, Aurora og Eline har i fleire år bidratt med både song og servering

Fredsvaflar mot svolt og tørke på Afrikas horn

294431_10150348657888816_83176553815_768236941.jpg

Kr 4 725,- vart resultatet av 3 timars spontanaksjon på Spinneriet laurdag.  Røde kors ungdom er utålmodig ungdom. Når dei vert utfordra på ei god sak så skrid dei til handling! 

Det var frå Sunndal frivilligsentral at utfordringa kom til kommunar som buset flyktningar frå Eritrea, Etiopia og Somalia.  Det gjer Volda.  Og Røde kors ungdom kan no sende vidare kr. 4 725,- innsamla av givarglade Voldingar. Espen og Une stiller gjerne på att til fleire aksjonar!

Organisasjonskurs-i kveld!

Det er ledige plassar, møt fram kl. 18.00 på Møterom A, Volda Rådhus!  Vel møtt!

Engasjerande kurs i går kveld

Engasjert og kunnskapsrik kurshaldar, Ulrik Opdal
Engasjert og kunnskapsrik kurshaldar, Ulrik Opdal

Ope for fleire å delta torsdag!

Det var i alt 7 deltakarar på organisasjonskurset leiar av Ulrik Opdal i år kveld. Deltakarane, som var frå 3 ulike lag i Volda, innsåg fort at dette burde fleire ha delteke på.  Torsdag held kurset fram, og det er ope for fleire å henge seg på. Møte-og møteleiing vert då hovudtema.

Å skape den beste kvardagen

Oddrun Åslid og Asbjørg Lied
Oddrun Åslid og Asbjørg Lied

For menneske som ikkje kan ta hand om eiga omsorg, har Volda kommune sett som mål å skape den beste kvardagen som råd utfrå kvar einskild sin situasjon.  Det var  Pleie-og omsorgssjef Jorun Anne Tomasgard som formidla dette på temadagen 1. juni, som omhandla partnarskap med pårørande og frivillige.  Volda kommune er i gang med å utarbeide Omsorgsplan, og denne dagen ga viktige innspel.

Ta godt imot dei frivillige, inkluder dei, gi god opplæring og vis at dei vert sette pris på!  Det var klare meldingar som kom fram i gruppene som var bedne om å drøfte spørsmåla.

Svein Berg Rusten hadde ein presentasjon av alt som finst av frivillig basert aktivitet i institusjonane i Volda, og det er ikkje lite.  Han måtte i tilegg vedgå at han ikkje hadde fått med alt! 

To ulike frivillige aktørar fekk blomar.  Den eine var syngedamene, ein fantastisk flokk vitale damer, den eldste snart 90 (!) som i over 30 år jamnleg har opptrådt med song og spel og vore humørspreiarar for dei eldre.  Først var dei i fleire år på gamle sjukeheimen.  Sidan heldt dei fram annankvar tysdag på det nye omsorgssenteret då det sto ferdig i 2004. 

Den andre aktøren som vart heidra var erindringsdamene.  Dette tiltaket, opphaveleg igangsett av frivilligsentralen, består av to damer, også oppe i åra, som i sju år har drive erindringsarbeid for bebuarar med demens på Volda omsorgssenter.  Ved hjelp av ulike gjenstandar, blomar, mat eller song og dikt lokkar dei fram minne og bidreg til å "gi eit liv som skal vere verdt å leve", for å låne orda til Anne Guri Sylte.  Anne Guri Sylte ga forsamlinga eit innblikk i det å vere pårørande.  Ho har sjølv vore pårørande i 17 år til sin sterkt omsorgstrengjande mann.

Det er Samhandlingsreforma som ligg bak pålegget om å utarbeide omsorgsplanane i kommuane.  Skal denne omfattande reforma fungere etter intensjonane, må fleire ta ansvar for det helseførebyggjande arbeidet lokalt. Dette ikluderer òg pårørande og frivillige, og då må det offentlege systemet legge til rette for slik samhandling.  Oppmodinga er klar: Det er bruk for alle som ønskjer å bidra.  Å vere frivillig og yte noko for andre gir mykje glede tilbake!

Frivilligprosjektet i Møre og Romsdal fylke gir kurs i Volda

19 og 22. september, merk av datoane!  Då kjem Ulrik Opdal til Volda og held kurset "Hurra jeg er tillitsvalgt"!  Dette er eit av fleire kursopplegg som er skreddarsydd for frivillige organisasjonar i samband med Frivilligprosjektet, som er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylke, Møre og Romsdal røde kors, og Møre og Romsdal Idrettskrins.

Frå nettsida til Møre og Romsdal Idrettskrins:

Utviklingsprosjekt i Møre og Romsdal – Møre og Romsdal som pilotregion.

Frivillig arbeid forvalter langt viktigere verdier enn strukturer og hierarkier.

Organisasjonene er rammer for samtale, samkvem og samhandling mellom mennesker – organisert av deltakerne selv, utenfor markedet og utenfor offentlig styring. Frivilligheten er en brobygger – mellom kjønn, mellom generasjoner, mellom prestasjonsgrupper, mellom etniske grupper, mellom ulike politiske oppfatninger.

Frivillighet handler om ei bidragsytende deltakerrolle, der utøverne selv er med på å skape sitt eget tilbud. Dette i motsetning til kunderolla, der det handler om kjøp av tjenester på et marked. Frivillighet har egenverdi og nytteverdi – for andre. Kunderolla har nytteverdi – primært for seg selv. Det er en vesentlig forskjell.

Frivillig arbeid handler om verdier for mennesker som vil noe – sammen med andre – i det fellesskapet en frivillig organisasjon kan utgjøre. Frivilligheten kan være en veiviser til det gode, innholdsrike liv. Et menneske er en udelelig helhet av ånd og legeme. Du skapes i bildet av andre; blir til gjennom møtet med andre mennesker. Lokallaget som ramme er et godt sted for å møte andre mennesker og dermed skape identitet - ikke minst for barn og unge.

Kommunal frivilligsentral

Innan utgangen av 2011 vert det oppretta ein kommunal frivilligsentral i Volda under kultur-og næringsavdelinga.  Dette vart vedteke av eit samrøystes kommunestyre 22. juni.

Frivilligsentralen i Volda kjem i godt selskap! Nær samtlege av dei no 21 statsstøtta frivilligsentralane i fylket vårt er kommunale.  Så var det heller ingen stor tvil om at dette er rett også for Volda, kommuestyret var samrøystes.  I løpet av hausten vil vidare organisering verte avgjort, slik som styresamansetjing og mandat. 

Spasèrstokk-sesongstart med Musikal Cabaret

Volda Omsorgssenter og Nilletun har i dag gleda av å få besøk av Silje Aarflot og Maria Austerheim med Musikal Cabaret gjennom den kulturelle spasèrstokken

I dag er det sesongopning for Spasèrstokken.  Framover hausten vert det mange trivelege programpostar å glede seg til. Mellom anna vert det gjensyn med Nærsynet sine sendingar frå 1980-talet ved Eivind Rønnsestad. Folkemusikkgruppa Tindra kjem i løpet av hausten. Narve Birkeland vil syne ei lysbileteserie med tema Rotsethornet, Marie Lovise Widnes kjem med voggesongar og forteljingar frå plata "So dilla du di rompe", Gunnar GP-Pedersen underheld, og det same gjer Korus med forestillinga "Johansen skifter Genser".  Sistnemnde i regi av Folkeakademiet Volda.  Enno er programmet langt ifrå klart for hausten.

Det er ei glede å ha høve til å tilby så mykje kvalitetskultur til aldersinstitusjonane våre.  Og det er ikkje berre bebuarar ved Omsorgssenteret som vert tilgodesett; også Nilletun, Fjordsyn og Folkestadtun vert mottakarar for den Kulturelle spasèrstokken.

Klart for organisasjonskurs i Volda

19. og 21. september kjem Ulrik Opdal og held organisasjonskurs i Volda.  Kurset vert på Møterom A på rådhuset, og går over to kveldar à 4 timar, og den første har alt meldt seg på! 

Det er reine gåvepakken til frivillige lag og organisasjonar som no vert tilbode her i Volda. Kurset "Hurra eg er tillitsvald" er skreddarsydd for dei ulike behova ute i laga, både for dei heilt nye i "gamet" og for dei som treng påfyll. Kurset, som er ein miks av forelesningar og gruppearbeid, krev ingen forkunnskapar. Det tek utgangspunkt i styre-og lagsarbeid generelt, og er såleis like aktuelt for idrettslaget som hagelaget eller grendalaget.

Det er lett å melde seg på, berre send ein epost!

Tussaprisen til frivilligsentralane

p5192563.jpg

Styreleiarar og daglege leiarar for friviligsentralane i Ulstein, Herøy, Hareid, Volda og Hornindal mottok i dag Tussaprisen! Ei flott anerkjenning av det frivilligsentralane står for, og ein inspirasjon framover!

Årsmøtet vedtok omdanning

Det nye styret for friivlligsentralen i Volda: bak frå venstre:Ingeborg Lyngnes Dahle, Theresa Kornberg (vara), Roald Espset, Ella Vasskog, Hermann Dahl og Elin Øye Halkjelsvik. Randi Sandnes var ikkje til stades.
Det nye styret for friivlligsentralen i Volda: bak frå venstre:Ingeborg Lyngnes Dahle, Theresa Kornberg (vara), Roald Espset, Ella Vasskog, Hermann Dahl og Elin Øye Halkjelsvik. Randi Sandnes var ikkje til stades.

Eit samla årsmøte gjekk måndag 30. mai inn for å avvikle stiftinga frivilligsentralen til fordel for oppretting av ein kommunal frivilligsentral.  Ein ønskjer framlagt sak for kommunestyret så snart som råd, for å få formalitetane på plass. 

I og med at alle stiftarlaga på førehand hadde handsama spørsmålet, var dette ein rein formalitet.  Årsmøtet oversender saka til ordførar og administrasjon i von om snarleg handsaming. 

Nytt styre

I tillegg til dei to nye kommunalt valde representantane, Roald Espset og Hermann Dahl, vart to nye representantar frå frå frivillig sektor valde inn i styret, Ingeborg Lyngnes Dahle og Randi Sandnes.  Begge er aktive pensjonistar med lang røynsle frå politikk og organisasjonsarbeid, og vil ha mykje godt å bidra med i styret.  Ella Vasskog fekk stor applaus for å ta på seg leiarvervet, ei oppgåve ho òg har gjennomført med glans sidan i mars som konstituert leiar. 

Arbeidsplan for inneverande år

Årsmøtet vedtok arbeidsplan for inneverande år, og fram til neste årsmøte i 2012.  Det er tre hovudsatsingsområde som vert vektlagt:

-  Medverke til at menneske som fell utanfor det frivilige org.livet får høve til å engasjere seg og delta i samfunnet gjennom frivillig verksemd, altså inkludering

-  Å vere støttespelar for det frivillige Volda, yte ulike sørvistenester for lag og org, herunder medverke til kulturforum og frivilligmelding

-  Vere koordinator av faste/årlege tiltak

 Økonomien, ei utfordring

Frivilligsentralane er basert på ei økonomisk 60/40-fordeling mellom stat og kommune.  Det statlege tilskotet har dei seinare åra ikkje kompensert for lønns-og prisvekst, og det har dermed vorte eit stort etterslep.  Årsmøtet måtte i år vedta eit budsjett der ein legg inn bruk av fond for å kunne budsjettere realistisk i høve til tariffesta løn, alminneleg lønsauke og driftsrammer elles.

Fri og villig i kommunane

Synnøve Valle
Synnøve Valle

Frivillig engasjement veks ut frå eiga lyst til å bidra, eller som det vert sagt: lever av lyst og dør av tvang. Dette var eit viktig poeng i det Synnøve Valle presenterte  på temadagen i høve omsorgsplan 1. juni.  Ho har avslutta eit prosjekt om Livskraftige kommunar, i regi av Møre og Romsdal fylke og Kommunenes Sentralforbund.

 

Kommunane kan gjere mange tiltak for å tilretteleggje for auka samhandling med frivillig sektor, og å gjere det lettare å drive organisasjonsarbeid. T.d:

-  kurs i organisasjonsarbeid

-  møteplassar

-  aktiv informasjon og hjelp til stønadsordningar

-  frivilligmelding/plan

Sakshandsamingsfeil utsette saka om kommunal overtaking

Det vart påpeikt saksandsamingsfeil i saka om kommunal overtaking av  frivilligsentralen i kommunestyret sist torsdag.  Saka var dermed utsett.

Volda kommune har ikkje vedtaksmynde til å legge ned stiftinga, som dei er ein del av.  Frivilligsentralen er ei sjølstendig stifting, og stiftingslova gir klare føringar for framgangsmåte ved eventuell avvikling. Eit eige avviklingsstyre skal opprettast av Stiftingstilsynet, etter at årsmøtevedtak om avvikling er godkjendt av det same tilsynet. 

I saka til kommunestyret, som vart tilrådd av formannsskapet 21. mars, går det fram at det er fleire årsaker til at frivilligsentralen no bør under kommunalt eigarskap.   Mellom anna gjeld dette handtering av lønn og rekneskap, noko Volda kommune i fleire år har kjøpte tenester av kommunen til, og som har vore utført som ei eiga ordning på utsida av det det kommunale systemet.  Dette let seg, ifølgje økonomiavdelinga i kommunen, ikkje lenger gjere. 

Neste steg i saka er dermed handsaming av saka i årsmøtet for Stiftinga.  Styret for stiftinga vedtok 15 februar 2011 vedtak der dei ber Volda kommune overta drifta av frivilligsentralen.

Seier frå seg styreverv

Leiar Ann Britt Våge Fannemel, nestleiar Elin Dahlen og styremedlem Egil Berg varsla 14, mars at dei fråtrer verva i styret for Stiftinga Frivilligsentralen.  Ella Vasskog er no konstituert styreleiar fram til årsmøtet i slutten av april.

ella_vasskog_styret177.jpg

Grunderar med integreringsoppgåve

Dei fire elevane i møte med juryen
Dei fire elevane i møte med juryen

Elevane i 8. og 9. klasse ved Folkestad, Dalsfjord og Austefjord skular har vore svært så innovative denne veka.  Heile veka har dei arbeidd med utfordringar, som dei har fått frå ulike oppdragsgivarar i kommunen.

Ei gruppe frå Austefjord skule fekk ei utfordring frå Frivilligsentralen, som handla om integrering.  Oppgåva var å finne gode idear til korleis ungdomane i bufellesskapet for einslege mindreårige flyktningar i Volda skal verte integrert i lokalsamfunnet.  På førehand hadde elevane tenkt ut idear til ulike aktivitetar.  Dei fekk møte ei gruppe av bebuarane i Smilebakken,som var svært positive til ideane deira, særleg det som handla om friluftsliv.  Vonaleg ser vi fram til mage trivelege fjellturar framover våren og sommaren, i tillegg til aktivitetsdagar i ballbingen i Austefjorden. 

 

Natteramnane på vengene att

Guttorm Hagen frå politiet, Ellen Andenes frå Helsestasjonen, Nicole frå frivilligsentralen(bak) og framme; natteramnane Marita og Linda.
Guttorm Hagen frå politiet, Ellen Andenes frå Helsestasjonen, Nicole frå frivilligsentralen(bak) og framme; natteramnane Marita og Linda.

Natt til første mai er natteramane på plass i Volda sentrum.  Det har ikkje vore natteramnar ute sidan i fjor vår, men no er rektrutteringa i gang.  Nicole har sendt ut plakatar til skulane, og i dag var det pressekonferanse på buss-stasjonen.  Det er nemleg i det området det "skjer" i Volda sentrum; studenthuset Rokken, statoil og TeleBygget.   

Det er dei unge som står i fokus for natteramnane, og polititet kunne fortelje at dei under 15 faktisk ikkje skal vere ute etter kl. 22.00.  Kanskje eit greit haldepunkt for foreldre, som er usikre på kva som gjeld? 

Dei som vil vere med å gå natteramn kan melde seg til frivilligsentralen.  Ein enkel måte å gjere det på er å fylle ut skjemaet til venstre i menyen på sida her, under aktivitetar.  Får vi nok folk, kjem vi til å sette opp plan som inkluderer både fredag- og laurdagskveldar framover våren i tillegg til dei opplagde festekveldane utanom. 

Shell har sagt seg villig til å vere ny base for ramnane, dei vil oppbevare jakkene og spanderer kaffi og ein matbit til dei frivillige.

12Neste
untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb