
Variert program i den kulturelle spasèrstokken
Festspel, kammermusikk og dok.film er med, i lag med ei rekke andre ulike programpostar både lokale og innhenta utanfrå. Gruppa som har sett saman programmet har lagt vekt på breidde og variasjon, for høg alder er ikkje einsbetydande med lik smak, poengterer dei.
Og alt føregår ikkje på Omsorgssenteret, sjølv om kafeen der er det lokale som hyppigast vert nytta til spasèrstokken sine program. Både Nilletun, Fjordsyn og Folkestadtun får besøk. I tillegg vert eit av programma på Coop-kafeen. Spasèrstokken tek ferie i fem sommarveker, men alt frå måndag 8. august er det i gang att.
Omdømmebygging, kommunikasjon og roller

Dette var hovudtema for seminaret som nettverket av daglege leiarar for frivilligsentralane i Møre og Romsdal gjennomførte 15. og 16. mars. Synnøve Farstad, gjennom Appareo Kommunikasjon, var klar i sin bodskap til frivilligsentralane: ver tydelege!
Kulturdepartementet har løyvt ekstramidlar til nettverka for å "styrke det pågående arbeidet med inkludering gjennom samarbeid med lokale frivillige organisasjoner, lag/foreninger og det offentlige"
Vi i Møre og Romsdal valde å nytte midlane til eit fagseminar, der vi verkeleg vart drilla i å formidle, tydeleggjere og målrette bodskap. Synnøve Farstad nytta mellom anna video-opptak, og fleire vart utfordra til å la seg film-intervjue, for sidan å få tilbakemelding frå resten av deltakarane. Svært nyttig og lærerikt var den samstemte reaksjonen frå dei 20 som deltok.
Strikk og rømmegraut
Ein flott kombinasjon på strikkekafèen sist tysdag! Over 20 møtte, og det vart som vanleg eit hyggjeleg formiddagstreff på legeloftet. Denne gongen serverte altså Wenche rømmegraut, og det vart veldig godt motteke!
Frivilligsentralen i Volda kan verte kommunal sentral
Måndag vedtok Volda Formannskap å tilrå kommunestyret å opprette Volda kommunale frivilligsentral frå 01.04.2011. Vedtaket var samrøystes.
Saka skal handsamast av Kommunestyret 31. mars, og om dette då vert vedteke, vert Volda ein av 16 kommunale frivilligsentrar i Møre og Romsdal Fylke. Dei fire andre har anna eigarskap.
Menn i mellom
Kvinner har ofte fleire sosiale møtepunkt enn det menn har. Både gjennom menigheiter og frivillige organisasjonar finst det i Volda fleire organiserte grupper der norske kvinner og kvinner med annan kulturell bakgrunn treffest og snakkar saman om ulike tema. No er også menn i gang,- gjennom frivilligsentralen.
I alt fem ulike etnisitetar samla kring forskjellige tema vil i tida framover våren møtast i ei samtalegruppe for menn. Øvst på lista over tema står verken smarte fiskemetodar eller hestekrefter og motorstyrke. Derimot vil mannsrolle og det å vere far i Noreg vere døme på ulike tema som desse karane skal snakke om. Første gruppa er alt i gong.
Nytt ansikt på Frivilligsentralen
I nokre veker framover vil Nicole vere engasjert på Frivilligsentralen i tillegg til dagleg leiar. Mellom anna vil ho gå i gang med rekruttering av natteravnar.
Nicole, opphaveleg frå USA, er ei engasjert og blid dame, klar for å gå i gang med positive tiltak gjennom frivilligsentralen!
Skiglede på Reset!

18 born og undommar med høgst forskjellig skirøynsle boltra seg på Reset i torsdag og fredag i vinterferien
Arrangementet var eit samarbeid mellom innvandrarkontoret, bufellesskapet for einslege mindreårige, styrk, kulturavdelinga, frivilligsentralen og skisenteret. Aktiv Volda lånte ut lavvo, og spiddepinnane konkurrerte om varmen i bålgropa, der ein våt og sliten flokk sat samla rundt og varma seg på kakao i påvente av pølsene. Heldigvis var torsdagen ein fin dag, men ingen måtte tru at regnet skulle vere noko hinder for å prøve igjen fredag!
Forhånd.12 |