
Røde Kors arrangerer julefest i romjula
Barnefamiliar i Volda er hjarteleg velkomne på Røde kors-huset 28. desember kl. 15.00. Det er Røde Kors i Volda som er vertskap, og som på denne måten inviterar til eit fellesskap i romjula.
Påmeldingsfristen er kl. 14 vesle julaftan, 23. desember til Astrid Velsvik
Ledig lokale?
Gunnvor ønskjer å starte formidling av brukte kle og utstyr til dei som ikkje har overflod, og treng eit lokale. Er det nokon som har, og kan tenkje seg å låne det ut til eit godt føremål, så gi eit vink til frivilligsentralen.
Ho er ikkje i tvil om behovet for eit slikt tiltak, Gunnvor, og ønskjer ikkje å gå nokon i næringa med dette. Tiltaket er først og fremst tenkt for familiar med små born og born i oppvekst, der krav og forventningar både frå skule og omgivnadar elles overgår dei økonomiske evnene i ein etableringsfase, gjerne i eit nytt land.
Med tanke på opphoping av fotballsko, leggbeskyttarar og anna utstyr i boder og skap, vil dette tiltaket også kome andre til gode.
Det er ikkje noko stort lokale som vert etterspurt, men det er viktig at det er sentralt, då hovudmålgruppa gjerne ikkje disponerar bil.
Julemat og hyggeprat
13 desember arrangerte frivilligsentralen første "Mat og prat"i Volda. Det vart i alt 20 deltakarar frå i alt 6 forskjellige land som lagde norsk tradisjonell julemat.
Idèen om Mat og prat er henta frå Herøy Frivilligsentral, som har drive dette i fleire år. Frivilligsentralen i Volda søkte Imdi, og fekk Kr 20 000 til tiltaket. Skulekjøkkenet på Volda Ungdomsskule er base, og programmet er enkelt og greit: lage mat i lag, lære av kvarandre, og dele måltidet. Medan vi tilbereder maten hyggar vi oss med prat og lærer kvarandre å kjenne. Det er sosialt, triveleg og lærerikt. Til januar-treffet vert det somalisk forrett, kurdisk hovudrett og kongolesisk dessert. Vi gler oss!
Tradisjon og mangfald på frivilligdagen
Nabo-frivilligsentralane i Volda og Ørsta samarbeidde om å markere frivilligdagen med flott fest på Ørsta Kulturhus i går. Om lag 90 møtte fram.
Dagen vart innstifta av FN for 20 år sidan for å løfte fram og hylle det frivillige arbeidet lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Det var frivilligsentralane i Ørsta og Volda som tok inititativet til denne markeringa, og den frivillige innstatsen var stor både før, etter og undervegs i arrangementet.
Dei to arrangørane, Rebecca Riise Bjerknes og Astrid Gjersdal, høvesvis frå frivilligsentralane i Ørsta og i Volda ønska forsamlinga vel møtt med ei innleiing om frivilligdagen samt eit lite historisk perspektiv på verdien av det frivillige arbeidet.
ID-koret v. dirigent Nina Veveld Telseth, baud på Afrikanske rytmar, og fekk med seg heile salen i kanon-song med hylling av sydlege frukter. Dei avrunda med ei flott fleirspråkleg framføring av ”We are the world”. Retteleg lovande førsteopptreden var det, og mange kan glede seg over meir frå ID-koret framover. Dette koret, som har songarar frå mange nasjonalitetar, tek med glede i mot fleire songglade deltakarar!
Så var det filmframsyning. Dokumentarfilmen ”Vi som strikka landet” av Malin Kjelstadli Korsnes, som hadde premiere for eit år sidan, tek opp det viktige sosiale arbeidet som dei mange kvinneforeningane i bygder og byar landet rundt har drive i over hundre år. Det tradisjonelle foreiningsarbeidet med basaren, med handstrikka og broderte gevinstar som årets høgdepunkt, står sentralt i denne underhaldande filmen. Ei av desse er Straumgjerde Sanitetsforeining i Sykkylven, og ein av hovudrolleinnehavarane, Jessy Lade, var invitert til Ørsta for høvet og var med oss på festen. Etter filmframsyninga fekk Jessy ordet frå scena, og ho var klar i si tilråding både til dei unge og til dei tilflytte: meld dykk inn i ei sanitetsforeining og bidra i det viktige samfunnsarbeidet. Det gjer godt å gjere noko for lokalsamfunnet og for andre!
Det imponerande matbordet var så klart. Og her var både tradisjon og mangfald, med rettar frå Somalia, Kongo, Nepal, Litauen, Polen, Kongo og Noreg. Her var det blotta for fast food, førebuinga var i gong lang tid i førevegen. Maten smaka fantastisk, og det var rikeleg til alle.
Sju utstillarar frå lokale frivillige lag stilte med stands. Eit viktig mål med markeringa av frivilligdagen er å inspirere til at fleire, etablerte som nytilflytte vil ønskje å delta i frivillig lagsarbeid, noko som vonaleg vil syne seg i medlemslistene etter kvart.
"Dei har vore der de er no"
påminner Åse Leikanger unge VTI-spelarar som overrekker blomar og heider til Volda sine nye heltar Hødd-spelarane Ørjan Nyland, Sivert Heltne og trenar Lars Arne Nilsen.
Også Volda kommune v. ordføraren ga velfortent heider til gullgutane ved eit arrangement på rådhuset tysdag ettermiddag.
Mat og prat, ny møteplass i Volda
På luciadagen, 13. desember, vert første "Mat og prat"-treff i Volda. Gruppa som skal lage mat i lag har bakgrunn i ulike matkulturar, og det dei har til felles er at dei er matinteresserte. Første treff vil vi lage norsk julemat og lussekattar, og det er Ragnhild som vert kjøkkensjef. Vi vil så bestemme kva som vert neste meny. Spennande..
Etter kvart vil dette verte fusion, ein miks av rettar frå ulike matradisjonar, men som utmerka kan fungere i lag. Her skal det eksperimenterast med norske råvarer på nye måtar, og kanskje kan det òg kome idear til korleis vi kan friske opp norsk tradisjonsmat? På matfronten er det meste mogeleg når kreativiteten får sleppe laus. Det får han i mat og prat! Treffa vert på skulekjøkkenet på Volda Ungdomsskule. Har du lyst til å vere med? Ta kontakt med Frivilligsentralen.
Frivilligdagen tek form
Nokre av dei som vil bidra til den Internasjonale buffeten kjem frå Internasjonal kvinnegruppe i Ørsta. Andre frivillige som kan tenkje seg å bidra?
Både sveler og injeera, vaflar og vårrullar er velkome til buffeten. Vi ønskjer velkomen til ein inkluderande frivilligdag med søkelys på tradisjon og mangfald. Vi har både sal og kjøkken på kulturhuset denne dagen, så mat kan faktisk lagast der, om det er mest praktisk. Rebecca og Astrid er der frå kl. 16.00, 5. desember altså.
5. desember
Den Internasjonale frivilligdagen vart stifta av FN i 1985. FN sitt overordna mål for frivilligåret er å synleggjere, anerkjenne og betre vilkåra for det frivillige arbeidet. Frivilligsentralane i Volda og Ørsta ønskjer i år å markere denne dagen med å invitere til eit arrangement på Ørsta kulturhus, i tråd med desse målsetjingane.
Ordførarstafett for Amnesty
I Volda var det varaordføraren som tok stafettetappen i dag, og veksla med Ørsta-ordføraren. Flott innsats for TV-aksjonen og Amnesty!
TV-aksjonen nærmar seg med stormsteg, søndag brakar det laust! I dag har ordførarane i Møre og Romsdal sykla for Amnesty, og vona er at innsatsen gir stor merksemd om TV-aksjonen.
Stå opp mot urett!
TV-aksjonen går i år til Amnesty, og midlane skal gå til å styrke arbeidet for menneskerettar verda over. Amnesty sitt grunnsyn er at dersom rettane til eit menneske vert krenka, krenkar ein rettane til heile menneskeheita. I ei av tre saker oppnår Amnesty resultat. Dette gir mange menneske håp!
Søndag 21. oktober kan du bidra. Det er igjen tid for årets viktigaste søndagstur! Alt frå onsdag kan bøsseberarar kome på frivilligsentralen og få rode og bøsse, slik at vi unngår køar innsamlingsdagen. Sjølve aksjonen startar søndag kl. 16.00. Meld deg som bøsseberar, ring 02025!
Stort engasjement for Amnesty
Årets TV-aksjon er over. Voldingane synte stort engasjement for Amnesty, kr. 225 000 kom inn i bøssene søndag. Her er eit lite biletgalleri frå TV-aksjonen 2012.

Fest og feiring i Kvivstunnelen!
Om lag 80 frivillige frå Austefjord, Hjartåbygda, Bjørke og Hornindal serverte kake, kaffi, pølser og brus til fleire tusen tunnelvandarar søndag. I tillegg var det stor aktivitet på dei mange standane. Det er eit over hundre års etterlengta vegsamband som no er ein realitet.
Vegvesenet invivterte, i samarbeid med Volda og Hornindal kommunar til Open dag i Kvivsvegtunnelen ei lita veke før det vert opna for trafikk. Frå Volda-sida vart fleire akkompagnerte av Volda hornmusikk i innmarsjen til den 6,5 km lange tunnelen, til kulturarrangementet som føregikk om lag halvveges inne, på fylkesgrensa mellom Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal Fylke.
Snunisja vart reine katedralen under Gudstenesta, der fire kor deltok. Programmet heldt fram med informasjon om sikkerheit i tunnelen, før ordførarane i kommunane Ørsta, Volda, Stryn og Hornindal fekk presentere sine kulturinnslag. Volda stilte med sine håpefulle nærast tunnelen, alle elevane ved Austerfjord skule, som spela "I Dovregubbens hall" ved hjelp av brøytestikker og elektrikarrør, før dei som seg hør og bør i ein tunnel slo til med "Grevling i taket" til stor applaus.
Dei mange frivillige frå fleire lag var godt førebudde. I alt var det planlagt servering til 4000, fordelt på begge kommune-sidene, og alle som ville fekk både kake og pølse. Mange institusjonsbuande eldre fekk servert tunnelkake etterpå, kakene som vart til overs vart fordelt på ein del av institusjonane.
Open dag i Kvivstunnelen søndag 16. september
Open dag i Kvivstunnelen søndag 16. september
(13.09.2012) Laurdag 22. september er det offisiell opning av E39 Kvivsvegen. Men allereie søndag 16. september inviterer Statens vegvesen og lokale aktørar til open dag og tunnelvandring i Kvivstunnelen.
Kl. 1100 startar vi med tunnelvandring i eige tempo frå Kalvatn og Lødemel. Det er om lag 3,3 kilometer til midten av tunnelen frå begge sider.
Utstilling/orientering ved blant andre entreprenørar, lokalt næringsliv og Volda brann og redning.
Program midt inne i tunnelen Kl. 1200 Gudstjeneste med fem kor og aktørar frå begge sider av tunnelen
Kl. 1245 Orientering om Kvivsvegen og bruk av tryggleiksutstyret i tunnelane ved prosjektleiar Oddbjørn Pladsen i Statens vegvesen
Kulturelle innslag frå Volda, Hornindal, Ørsta og Stryn kommunar
Ca kl. 1330 Kaffe, kaker, pølser og brus til alle frammøtte
Det vert parkering på begge sider av tunnelen, på Kalvatn og Lødemel. Der i frå vert det sett opp busstransport for eldre og andre som har behov for skyss.
Arrangementet går føre seg inne i tunnelen, så ta på deg varme klede/sko.
Vi ønsker alle vel møtt til open dag i Kvivstunnelen!
Somalisk nasjonaldagsfeiring på Øvretun
1. juli feirar Somalia nasjonaldagen sin. Slik 17. mai vert feira over alt der det er nordmenn, feirar somaliarar sin nasjonaldag utafor landet sine grenser. Her i Volda føregjekk festen på Øvretun, og kring 40 personar var samla til nydeleg mat, tale, fargerike drakter og dans.
Det vert sterkt når ein nasjonaldag vert feira så langt ifrå fedrelandet, og særleg tungt når ein har måtte flykta derifrå i fare for eige liv. Initiativtakar til 1. juli-markeringa 2012 var Bashir, og han har i lag med sine landsmenn og kvinner jobba iherdig for å få i stand denne flotte festen, som på førehand var annonsert gjennom Møre som ein open fest for alle som ville delta.
Ingen festspel utan frivillige!
Dei nynorske festspela 2012 er til endes, fire flotte dagar med mange høgdepunkt og ein enorm frivillig innsats! For Aster, Bashir, Esaias og Paulos vart dette første møte med ein norsk festival.
Frivillige fotballgutar fiksa festpelfrukost

Den årlege festspelfrukosten, eit mangeårig samarbeid mellom Ivar Aasentunet og sentrumsforeininga, vart i år eit utvida samarbeid. Fire gutar frå fotball 16 dugnadsjobba for laget sitt inn honorar frå sentrumsforeininga i lag med primus motor, Åse Leikanger. Frå venstre: Per Ingebrigtsen, Simon Simonnes, Øystein Løken og Jonas Werenskjold.
123Neste |