
5. desember
Den Internasjonale frivilligdagen vart stifta av FN i 1985. FN sitt overordna mål for frivilligåret er å synleggjere, anerkjenne og betre vilkåra for det frivillige arbeidet. Frivilligsentralane i Volda og Ørsta ønskjer i år å markere denne dagen med å invitere til eit arrangement på Ørsta kulturhus, i tråd med desse målsetjingane.
Med dette inviterer vi lag og organisasjonar i Volda og Ørsta til å presentere seg med stands, brosjyremateriell, plakatar eller kva de måtte ynskje. Frivilligsentralane ynskjer å medverke til at fleire skal kunne vere frivillige, og dermed ta del i det viktige samfunnsarbeidet som organisasjonane utfører. Å lære om og korleis ein driv frivillig lagsarbeid i Noreg er ein viktig del av det å verte deltakar i det norske samfunnet. Difor vonar vi at mange nytilflytte i kommunane våre skal nytte høvet til å verte betre kjende med denne viktige delen av kulturen vår på frivilligdagen.
På programmet står filmframsyning. ”Dei som strikka landet” av Malin Kjelstadli Korsnes fortel om to ulike frivillige lag. Helselagskvinnene på Straumgjerde, og deira tradisjonsrike lagsarbeid er eit av dei. Innhaldet i filmen er svært attkjennbar for alle som har vakse opp i ei norsk bygd med tradisjonelt lagsliv og basaren som eit høgdepunkt, og den er underhaldande. Vi har fått låne filmen av Nrk for høvet. Ein av hovudaktørane, Jessy Lade, kjem og vert med oss denne kvelden.
Nina Vedeld Telset står bak eit heilt nytt korkonsept i distriktet, ID choir. Målet hennar er å samle songglade menneske for å synge i lag, med den kulturbakgrunn og det utgangspunkt ein måtte ha. Dette velkome innslaget i kortradisjonen på Sunnmøre får vi høyre denne kvelden. Og kanskje vil koret rekruttere fleire songglade deltakarar?
I ei samling for engasjerte frivillige er det eit naturleg innslag å opne for diskusjon og ordskifte. Spørsmålet vi set på dagsorden er kva plass den tradisjonelle organiserte frivilligheita har i dagens og morgondagens samfunn, og korleis vi møter nye former for frivillig engasjement. Såleis håpar vi på gode innspel og tankar om korleis vi vedlikeheld og skaper nye inkluderande fellesskap.
Mat vert det å få kjøpt, Ørsta Internasjonale kvinnegruppe står for dette, med bistand frå fleire.
Rebecca og Astrid ynskjer eit vink om aktuelle standar, slik at vi sikrar plass til alle. Arrangementet vil verte annonsert i Møre-nytt og Møre.
Vel møtt til ein engasjerande frivilligdag!