Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

2,5 millionar til Bulyst i Volda

Politisk rådgivar i Kommunal-og regionaldepartementet Laila Melkevoll
Politisk rådgivar i Kommunal-og regionaldepartementet Laila Melkevoll

Tysdag fekk Volda meldinga: Bulyst-prosjektet kom gjennom nålauget og vart tildelt 2,5 millionar statlege kroner! Midlane skal utløyse gode prosjekt som skal resultere i å gjere Volda og regionen vi er ein del av endå meir attraktiv for nye å flytte til, å flytte tilbake eller å verte buande.

Det er intensivt og kreativt arbeid som ligg bak den gode søknaden som resulterte i 2,5 millionar. Det er Høgskulen og Volda kommune som er hovudaktørane bak prosjektet, og desse har invitert inn eit breidt utval av aktørar i til å delta i ein kreativ prosess for å kome fram med sine tankar og idèar for korleis Volda bør utvikle seg og kva som skal til.

Hovudsaka vart synleggjering. Volda har så mange kvalitetar, eit mangfaldig frivilligliv, gode kommunale tenester og ikkje minst rike muligheiter for friluftsliv like utanfor stovedøra. Men folk må vite om det! Eit viktig prosjekt, som no vil verte ein realitet, er ein godt fungerande nettportal der ein med eit tastetrykk skal kunne finne alt ein treng. 

.

Ingen festspel utan frivillige

frå venstre: Anders frå Ivar Aasentunset,frivillig Esajas, Kjetil frå Volda-fotball, frivillige Bashir og Paulos
frå venstre: Anders frå Ivar Aasentunset,frivillig Esajas, Kjetil frå Volda-fotball, frivillige Bashir og Paulos

Dei nynorske festspela hadde ikkje greidd seg utan den store frivillige innsatsen. I tunet, på frukostarrangement, på utstillingar, i kyrkjer -og som i går, i Ørsta-parken med Hellbillies-konsert, det vrimla av frivillige i mange ulike funksjonar. Til gjengjeld får dei frivillige gode opplevingar, og som frivilligsentralen sine i går; eit flott første møte med ein norsk festival.

Festspela er ein ypparleg arena å møte andre, nettopp fordi ein jobbar i lag. Frivilligsentralen har ein flott dugnadsgjeng med på festspela, nettopp med dette som mål. I går var det telt-rigging, i dag førebuing til frukost i gata, og i morgon- stor sosial fellesfrukost i Volda sentrum.

20 000 frå Imdi til "Mat og prat!

Mat og prat er eit sosialt trivselstiltak med det føremål å lage mat i lag. Tiltaket har vore så vellukka i andre kommunar det har vore prøvd i, at vi har lyst til å prøve det her òg. Dermed har frivilligsentralen søkt Imdi om midlar.

Volda er internasjonal kommune, vi har studentar frå hele verda, vi har arbeidsinnvandrarar, asylmottak og vi buset flyktningar. Kort og godt går dette tiltaket ut på å samle matinteresserte på tvers av alder, kjønn og etnisk opphav, utveksle mattradisjon, samtidig som at ein lagar mat i lag og deler måltidet. Eit konkret mål i tillegg er å lage ei oppskriftssamling med basis i desse treffa. Eit vesentleg poeng med tiltaket er at det skal vere mogeleg for alle å delta, difor ynskjer vi å få det til så billig som råd, utan at det skal gå ut over det vi skal kunne nytte av råvarer.

Dette er henta frå søknaden til Imdi, som synest dette er så godt tiltak at dei gir oss det me har søkt!  Frå august tek me sikte på å kome i gang med dette tiltaket. Har du lyst til å vere med, ta kontakt!

Veterankorpset
Veterankorpset

Aktivitetsdag på Volda Omsorgssenter, med rullestol-maraton

Eldregymnastikken!
Eldregymnastikken!

Volda har imponerande mange gode folkehelse-tiltak! Eit utval av desse vart presentert i dag.  Sjå biletgalleri!

Borghild maratonløpar
Borghild maratonløpar
Seniordansarane!
Seniordansarane!

Hurra-kurs i Volda

Inger Anne Dimmen frå Ulstein frivilligsentral føreles
Inger Anne Dimmen frå Ulstein frivilligsentral føreles

Det vart etterspurt fleire kurs i går kveld, då åtte frivillige frå til saman fire lag deltok på "Hurra, eg er tillitsvald" på rådhuset i Volda.  Kurs i "opning av pengesekk", søknadsskriving og kasserarfunksjon står som aktuelle tema for seinare kurs. 

Tilliks med i Ulsteinvik førre veke var det ekte engasjement og vilje som kjenneteikna deltakarane på kurset også her i Volda.  Anten føremålet for laget er utøving av musikk gjennom orkester og korps, formidling av informasjon om handtering av helseproblem eller det er restaurering av gamle hus, har lage vesentlege fellestrekk og sams utfordringar. Dei byggjer på frivillig engasjement og ønskje om å få til noko i fellesskap med andre.

Neste i kursrekka er Fosnavåg 18. april. Også voldingar er velkomne til å delta der!

 

 

Musikkglede på dagsenteret

030160.JPG

Det var rock som var temaet på dagsenteret denne måndagsformiddagen. Trubadur Øystein Echoff Holsvik tok tilhøyrarane med på ei reise i 60 og 70-talets musikk, og det var med Neil Young-perla "Heart of gold" frå albumet Harvest frå 1972 han slo an tonen. 

Sidan følgde godbitane.  Tidleg Beatles (Love me do), rå Stones (Honky tonk Women), og klassisk Dylan (All along the watchtower) og mange fleire. Øystein valde å avslutte norsk med Kjærleiksvisa til Halvdan Sivertsen. 

For mange av tilhøyrarane var dette ein rein ønskjekonsert, som rørte både rockefoten og tårene.

Gratulerer til lagslivet! 

Kr 329 204, 93 i grasrotmidlar til Volda i 2011!

I alt 47 lag har motteke midlar. Dei fem laga som har motteke mest er: VTI med kr. 81 514, Dalsfjorden fotballklubb, kr 45 289, Volda handballklubb, kr. 30 031, Volda Røde kors, kr 16 401 og Volda skulekorps, kr 13 732. 

10 lag har motteke femsifra beløp.  Gå inn på Norsk tipping og sjå fordelinga!

Natteramnar 16. mai

Mange unge kjenner tryggleik ved synet av desse gule jakkene.
Mange unge kjenner tryggleik ved synet av desse gule jakkene.

16. mai er kvelden det er viktig med synlege vaksne i gatene. Dei som vil vere uniformerte som natteravnar møter opp på Shell kl. 22.00, så deler vi ut vestar og jakker så langt lageret rekk!

Fleire ønskjer flyktninguide

Det er stadig behov for nye guidar.  Både menn og kvinner er ønskjeleg. Ta kontakt med oss på frivilligsentralen om du er klar for å kombinere det å få ein nytt triveleg bekjentskap med å gjere ein god frivillig innsats.

Å vere flyktningguide er gjensidig læring og kulturutveksling. Vi koplar ein på ein, og gjer ein gjensidig avtale om ca. 2 timar i veka, der guide og flyktning anten deltek på ein felles aktivitet, gjer lekser, går tur, går på kafè eller kva som måtte falle seg naturleg. Etter endt avtaletid, som vanlegvis er på ca 9. mnd, skriv vi ut attest, - eit godt dokument å legge fram i ein jobbsøknad.

Frivilligsentralar på søre i lag om å tilby organisasjonskurs

Astrid Gjersdal, dagleg leiar for frivilligsentralen i Volda og Inger Anne Dimmen, dagleg leiar for frivilligsentralen i Ulstein vert å sjå i nye roller, som kursleiarar for lag og organisasjonar.
Astrid Gjersdal, dagleg leiar for frivilligsentralen i Volda og Inger Anne Dimmen, dagleg leiar for frivilligsentralen i Ulstein vert å sjå i nye roller, som kursleiarar for lag og organisasjonar.

Er du nyvald leiar i koret og usikker på kva ansvar du har teke på deg? Slit ungdomslaget med manglande engasjement og giv, eller er oppgåvene velforeininga har teke på seg så mange og uoversiktlege at dei veks dykk over hovudet?

 

Langt ifrå alle problem kan løysast gjennom å gå kurs, men kunnskap er nyttig.  Sjølv om aktiviteten som laga driv med er høgst forskjellig har mykje av arbeidet i styre og grupper i frivillig organisasjonar  langt meir til felles enn ein kanskje vil tru.

Møre og Romsdal fylke er gode på å stø opp under frivillig arbeid. Som første og einaste i landet vart frivilligplanen for Møre og Romsdal  vedteken i 2010.  Kompetanseheving var eit av dei områda som fylket vedtok å ta tak i, og tiltaka er alt i ferd med å verte realiserte.  Kurset ”Hurra, eg er tillitsvald” er ein av fleire modular, skreddarsydde for frivillige lag og organisasjonar, som er utarbeidde i samband med denne satsinga.

Frivilligsentralane i fire kommunar på søre Sunnmøre, Volda, Ulstein, Herøy og Sande tilbyr i vår dette kurset. Det er gratis og går over ein kveld, ca 3 timar.  Kurset tek føre seg sentrale tema  i drift av ein frivillig medlemsbasert organisasjon;  grunnleggjande organisasjonskunnskap, lover/vedtekter og organisasjonsplanar, sekretær- og kassererfunksjon, valkomitéarbeid,  styring og leiing, møte og møteleiing.  Kurset er ei blanding av forelesning og gruppearbeid og det vert sett av god tid til diskusjon.  Sjølv om det vert lagt opp til at deltakarane brukar sine erfaringar frå eige lag, høver det òg godt for dei som ikkje har slike erfaringar men som ønskjer generell kunnskap om organisasjonsarbeid.  Alle som deltek får kursbevis.

Det same kurset går i alle fire kommunane, så om det ikkje høver den kvelden det er i heimekommunen, kvifor ikkje ta turen til ein av nabokommunane?  I tillegg kan de då verte kjende med korleis dei driv lagsarbeid der.  Først ute er Ulstein og Volda no i mars. Etter påske går same kurset i Herøy og Sande.

 

Målretta jobbing for gode prosjekt

I heile går hadde kulturavdelinga eksklusivt kurs med tilskotsjungelguiden Anders Vik frå Kristiansund. Dei konkreta casa er Skiskyttararenaen på Reset og Skateanlegget på stadion.

Begge desse anlegga vert med å sette Volda på kartet når det gjeld attraktivitet. For begge vert unike i sitt slag.  Og realiseringa er langt nærare no, etter som ein har fått tilført kunnskap om alle dei tilskotsmuligheitene som ligg "der ute".

Engasjerte kursdeltakarar i Ulsteinvik!

HURRA_2.JPG

Første kurskveld vart gjennomført i går for 9 deltakarar frå i alt fire ulike lag.  Kuset var på Ulstein frivilligsentral, og det var Astrid Gjersdal og Inger Anne Dimmen som leia kurset, etter mal utvikla gjennom frivilligprosjektet. Deltakarane var etter eigne utsegn strålande nøgde med det dei fekk, og ville heim til sine lag og overtyde resten av styret om at dei må melde seg på! 

Denne attesten et kursleiarane svært nøgde med, og delar rundhandig med utviklarane av kurset "Hurra, eg er tillitsvald". Mange spørsmål vart drøfta, mellom anna "korleis endrar vi måten vi driv laget på?"   Treng alt vere slik det alltid har vore, og slik forgjengarane våre har bestemt? 

Kva muligheiter finst og kva hindringar møter vi i ein frivillig organisasjon? I kurset går vi grunnleggjande til verks og fokuserer på det laga og organisasjonane har felles, på tvers av føremål. Neste kurs er onsdag 28 mars kl. 19-22 på Møterom A, Volda Rådhus. 

 

Årsmøte i Stiftinga Frivilligsentralen i Volda 26. mars

Det vert kalla inn til årsmøte i Stiftinga 26. mars kl 18.00 på Møterom c på Rådhuset.  Hovudsaka på dette årsmøtet, etter at drifta for 2011 er godkjend, er å legge ned stiftinga, då frivilligsentralen no er kommunal. Formalitetar skal på plass, for å legge ned ei stifting er ikkje gjort over natta.

Frivilligsentralen går vidare i kommunalt eigarskap, og stiftinga står att berre i namnet. Det vert sett ned eit avviklingsstyre, som skal ta seg av alt det praktiske rundt avviklinga.

Våren er i anmarsj, natteramnane på plass!

nr_logo860.gif

Fredag 23. mars startar natteramnane vandringane sine. Det vert fredagar som vert ramnekveld no i vår, då det vert vurdert som den mest aktuelle dagen, med omsyn til hovudmålgruppa, dei yngste ungdomane.  Det er sett opp plan til og med 11.mai, då har vi ikkje fleire å ta av.

Oppmoding går no ut til foreldreutvala på ungdomsskulane om å ta nokre grep for å få fleire til å engasjere seg i å gå natteramn. I tillegg til den førebyggjande effekten det har på rus og herværk i sentrum, er det å gå natteramn lærerikt for foreldre, som gjerne ikkje veit så mykje om utelivet. I tillegg er det sosialt, og ungdomar flest set stor pris på dei gulkledde!  Meld deg til frivilligsentralen!

Meld dykk på Organisasjonskurs, følgjande tid og stad:

Ulsteinvik, Frivilligsentralen: onsdag 22. mars kl. 19-22

Volda, Rådhuset, Møterom A: Onsdag 28. mars kl. 19-22

Fosnavåg, Frivilligsentralen: Onsdag 18. april kl. 18-21

Larsnes, Frivilligsentralen: Onsdag 25. april kl. 18-21

Påmelding seinast dagen i førevegen til  post@frivilligvolda.no  Volda 917 25 639

Kurset er gratis!

Volda frivilligsentral er no kommunal sentral

Frå 01.01.2012 høyrer frivilligsentralen inn under kultur-og næringsavdelinga i Volda kommune. Meininga er at lettare organisastoriske tilhøve vil gi betre tenester. Ein vesentleg innsats skal denne våren rettast inn mot å utarbeide ei frivilligmelding for Volda kommune.

logo_vapenskjold934.png

Strålande julefest første juledag!

Også denne jula vart julefesten første juledag ei flott oppleving! Om lag 70 deltok på denne tradisjonelle julefesten, som no var den åttande i rekka. Visevert Cecilie tok "runden" med å få oversikt over kvar dei ulike gjestane var heimehøyrande, og her var gjestar både frå Irak, Afghanistan, Somalia, og Palestina, til liks med ørstingar, nordfjordingar, høydølingar,bergenserar..., alle med eit sams ynskje; å hyggje seg i lag på første juledag i Volda.

Tradisjonell norsk vestlandsk julemiddag vart servert som alle år før; pinnekjøt frå Jacobsen med tilhøyrande rabbestappe, poteter og rødkål, etterfølgt av riskrem og raud saus.  Ein runde ostekake vart det òg plass til - hos dei fleste i alle fall. 

Også denne gongen var det syngjande servitørar som sytte for effektiv servering og vakre harmoniar. Vi fekk helsing frå Volda kommune v. ordførar Arild, og Wendi tok oss med inn i skomakarverkstaden til Papa Panov for å dele hans første juledagsoppleving, slik det vert skildra av Leo Tolstoj.  Astrid framførte så "Den fattige Gud" av Edvard Hoem.  Som avslutning samlast festlyden i to store ringar kring juletreet og dansa "så går vi rundt om ein enebærbusk". 

Etter det vi kjenner til var alle trygt i hus før Dagmar løyste seg seinare på kvelden.

 

Forhånd.123Neste
untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb