Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Prosjekt kompetanse og inkludering

To av deltakarane på kurset som vi arrangerte i november, Janne Dalebø og Ella Vasskog
To av deltakarane på kurset som vi arrangerte i november, Janne Dalebø og Ella Vasskog

I to dagar denne veka har dagleg leiarar av frivilligsentralar i Møre og Romsdal vorte drilla i frivilligprosjektet i Møre og Romsdal fylke. Volda er ein av kommunane som alt har nytta seg av prosjektet sin kompetanse, og arrangert første kurset lokalt. Dette skjedde i november 2011.

Møre og Romsdal fylke er god på frivilligheit!

Ikkje berre har fylket vårt vedteke landets første frivilligplan på fylkesnivå, eit treårig utviklingsprosjekt er no i ferd med å sjå resultat.  Sju kommunar er i gang med frivilligplanar, eller som i vår kommune, frivilligmelding, med drahjelp frå frivilligprosjektet i form av kurs.  Fleire kursmodular er under utvikling, skreddarsydde for frivillige organisasjonar.

Det er Idrettskrinsen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal røde kors og Vaksenopplæringsforbundet i Møre og Romsdal som har fått ansvar og mandat frå fylket til å utvikle dette konseptet, som kviler på dei to hovudpillarane kompetanse og inkludering.

Desse to dagane fekk vi presentrert kursa "Hurra, jeg er tillitsvalgt" og "Møter og møteledelse", i tillegg til eit tredje kurs, utvikla av Røde kors med tema mangfald. Denne kursmodulen omhandlar fleire sider ved det å byggje ein inkluderande kultur, her primært i eit frivillig lag, men kan lett overførast til andre arenaer. Fleire kursmodular skal utviklast, og målet er at etter prosjektet vert avslutta sommaren 2013, skal tiltaket vere sjølvgåande.  Frivilligsentralane i Møre og Romsdal vert viktige medspelarar i vidareføringa.

Kompetanseheving på tvers

Frå venstre: Britt Paulsen, Herøy frivilligsentral, Ernst Valderhaug, Giske frivilligsentral og Svanhild Yksnøy, Sande frivilligsentral
Frå venstre: Britt Paulsen, Herøy frivilligsentral, Ernst Valderhaug, Giske frivilligsentral og Svanhild Yksnøy, Sande frivilligsentral

I løpet av våren vert det kurstilbod for lag og organisasjonar på søre Sunnmøre. Frivilligsentralane ønskjer å tilby dette i fellesskap, ulike kursmodular kan dermed verte lagt til forskjellige kommunar. På denne måten kan det, i tillegg til å gi auka kompetanse, verte knytt kontakter i lagslivet på tvers av kommunegrensene, noko som i seg sjølv kan vere inspirerande!

Det var på nettverkssamling mellom dagleg leiarar på Sunnmøre 1.-2. februar at ideen kom til. Det var med utgangspunkt i Møre og Romsdal fylke sitt frivilligprosjekt at vidareutvikling av kursmodular sto på dagsorden.  Her er det mykje nyttige og gode reiskap som skal formidlast ut til lagslivet. I staden for å tilby kurs berre i eigen kommune, slår vi oss no i hop. Frivilligsentralane i Volda, Ulstein, Herøy, Hareid og Sande har inngått samarbeid, og vi vil sjølvsagt også ha med oss Ørsta, så snart frivilligsentralen kjem på plass.

Den kulturelle spasèrstokken, vårprogram med lokal tyngde

Øystein Echoff Holsvik (foto: Marit Lystad)
Øystein Echoff Holsvik (foto: Marit Lystad)

Den kulturelle spasèrstokken går ikkje over bekken etter vatn, for her i Volda sprudlar det friskt lokalt! Klassisk, rock, tradisjonsmusikk og viser, lokale kulturkrefter med stor variasjon i uttrykk får møte heimepublikum i den kulturelle spasèrstokken.  Mykje glede av statlege kroner i dette kulturtiltaket. 

"Forskere ved HUNT (Helseundersøkelsen i Nord-Trøndelag) har sammenliknet opplysninger om deltagelse i kulturelle aktiviteter med helseopplysninger, og har funnet at alle som konsumerer kultur i en eller annen form opplever bedre helse, er mer tilfreds med livet sitt og har mindre forekomster av angst og depresjon, sammenlignet med folk som ikke er opptatt av kultur. Studien omfatter et bredt kulturbegrep, og deltagerne svarte på spørsmål om alt fra konserter og dugnad til religiøs aktivitet, idrettsarrangementer og utendørsaktiviteter." Sitatet er henta frå Rådet for psykisk helse, og omtalar ein stor helseundersøkelse som har vore gjennomført i Trøndelag.  Ikkje berre fysisk aktivitet gir helsevinst, også det å vere deltakar og "konsument" av kultur.

Vi har teke inn over oss at det skjer generasjonsskifte også i aldersinstitusjonane. Bob Dylan har passert 70, Mick Jagger nærmar seg.  I slutten av månaden vert det dermed rocka program når Øystein Echoff Holsvik pluggar inn gitaren på dagsenteret!

 

Volda i Vinden Idrettslag presenterer:

VIVIL_PLAKAT_A3_JANUAR2012_WEB_NOR_1_640X905.JPG

”Rotevatnet Rundt” går av stabelen lørdag, 21. januar, og er det første løpet i en vårkarusell som strekker seg fra januar til mai. Det blir et løp hver måned i denne perioden. Løpene arrangeres på frivillig basis, og er et samarbeid mellom arrangører Henrik Angermund og Mathias Smørdal Lillestøl og flere aktører og håper å kunne bidra til et mer aktivt miljø for Volda kommune, samt skape mer oppslutning rundt løping i seg selv. Samtidig er det et forsøk på å skape et nytt tilbud som ikke finnes for øyeblikket, samt vekke til live de gamle tradisjonene med løping her i Volda kommune.

 

Løpet er åpent for alle – stor og liten, ung og gammel, og er et løp for både harde treningsinteresserte og mer milde mosjonister. Målet trenger ikke være å komme først, men å gjøre sitt beste, eller bare møtes for det sosiale. Premieutdeling vil bli etter det siste løpet i mai. Her vil de som løp på beste tid, og som har deltatt minst tre ganger, få utdelt premie. Et eventuelt overskudd av løpene vil gå til VTI for videre satsing på løp i kommunen.

Praktisk informasjon:

Dato: 21. januar Sted: Volda Stadion Påmelding: All påmelding skjer ved Volda Stadion mellom kl. 12:00 og 12:30, lørdag 21. januar. Betaling: 100kr for voksen og 50kr for studenter/ungdom under 18 år. Betaling skjer på løpsdagen ved Volda Stadion. Starttid: Kl. 13:00 ved Volda Stadion Løypeinfo: ca. 7,0 km rundt Rotevatnet. Grus og asfalt.

Dato for de neste løpene i februar, mars, april og mai kommer etterhvert. Følg med på http://www.kondis.no/rotevatnet-rundt.5002305-127676.html

Forhånd.123
untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb