Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Spennande språktapas

ABDI_UNDERVISER_SOMALISK.JPG

Interessa for å lære nye språk var upåklageleg på språktapasen i går på Volda ungdomsskule.  Språk og mat har noko til felles, det kan kombinerast i det uendlege. Difor er tittelen vi har sett på arrangementet, språktapas, eit spennade ny-ord i seg sjølv!

Om lag 35 personar deltok på arrangementet, som var eit samarbeid mellom frivilligsentralen sin mat og prat-aktivitet, biblioteket og språkåret. Publikum kunne vandre mellom fleire stasjonar og lære enkle frasar av nokre av dei mange ulike språka som er representerte i Volda.  På kvar sine kort samla dei gullstjerner, og vart med i trekning av tre bøker om Volda-dialekta.  Det vart ei engasjerande økt. For språk er spennande! Korleis er det somaliske alfabetet, samanlikna med det norske? Og kva er god dag på islandsk?  I tillegg til dei verbale språka, var òg teiknspråk representert, og det gir eit innblikk i korleis ein brukar andre sansar i kommunikasjonen.

Musikk er òg kommunikasjon og språk, presentert av dei dyktige unge musikarane i Marseilingi og Håvard Gjersdal Våde, som alle var representerte på fylkesmønstringa i UKM i vår.

Nokre av Mat og prat-gjengen hadde på førehand laga mat, om ikkje nett det ein assosierar med tapas... Med ein miks av ørretpakkar med grønsaker og chili, ris på somalisk vis, salat og MRF-sveler gikk ingen svoltne derifrå. 

Marit Brekke, som sjølv er ein språkentusiast, leia arrangementet, med bistand frå språkårssekretær Bente Lothe Eldhom.

Såpass artig konsept var dette at vi tek sikte på å gjenta det til hausten,slik at fleire får høve til å delta. Då skin sola litt mindre intenst, og eksamensnervane er haldne på noko lenger avstand..

 

Mat og prat!

Beatrice, Mibrak og Thomas i konserntasjon over salaten, bakanfor; Håvard vert instruert i steiking av Injeera
Beatrice, Mibrak og Thomas i konserntasjon over salaten, bakanfor; Håvard vert instruert i steiking av Injeera

Injeera, kylling i ovn, salat, ris og pavlova-kake sto på menyen for det andre mat og prat-treffet i regi av frivilligsentralen.  Som det ofte er med dei matglade,- ein inspierar kvarandre og vegen vert til med vi går! Med kort veg til butikken for supplering av tilfanget fekk vi dermed fort ein ny ris-variant, og endå meir cross-over. Moro!

Neste treff er 14. februar. Meld deg på i god tid, for her kan det fort verte rift om plassane. Konseptet er enkelt: Kvar betalar kr 30 og er med på å lage maten, som vi til slutt deler i eit kjempetriveleg fellesmåltid.  Menyen skiftar frå gong til gong, der deltakarane byter på å verte utfordra

Seniornett-treff på Biblioteket

007.JPG

Frivilligsentralen har starta seniornett. Kvar onsdag kl. 16-18 vil der vere datakunnige som bistår mindre erfarne databrukarar på Volda folkebibliotek.

Fire møtte denne første gongen. Etter kvart som fleire oppdagar dette tilbodet kan det nok verte rift om plassane på det trange biblioteket vårt, for dette vart godt motteke!

Roald Espset, som stiller som frivillig instruktør, har peiling på data, og han delte villig av sin kunnskap. Etter kvart vil vi ta føre oss ulike tema, alt etter kva deltakarane ønskjer og har behov for. Somme vil helst finne ut av nettbruk, som banktenester, bestille reiser, netthandel osv. Andre ønkjer å lære om sosiale medie. Slektsforsking kan vere eit aktuelt tema. Tekst-og fotobehandling er òg eit aktuelt emne som vart etterspurt.  Helst bør ein nytte eigen pc, men biblioteket han nokre få til utlån.

Dersom nokon kan tenkje seg å vere med å dele av sin kunnskap, og stille på lærarsida, ta kontakt, eller berre kom- onsdagar kl. 16-18 på biblioteket!

Juventus-Volda..?

italiabes_k.jpg

Resultatet av kampen, og om det vert ein realitet, gjenstår å sjå. Dei to fysio-terapeutane, sjukepleiarane og frivillig-entusiastane frå Torino i nord-Italia, på gjenvisitt med Louis i selskap med Maurice, var i allefall begeistra for det dei fekk oppleve på den korte Volda-visitten sin sist veke. Gunnar og Astrid, i lag med fotball-Åse trefte det entusiastiske selskapet fredag.

I Italia spelar frivillig arbeid ei anna samfunnsrolle enn her i Noreg. Røde kors, t.d har ein heilt sentral funksjon i samfunnet. I frå politi-liknande vaktfunksjonar, til ambulanse og fysioterapi utfører ulønna personell oppgåver som profesjonelle i vårt velferdssamfunn for lengst har overteke. Dei reine kostnadane vert dekka av staten, men frivillige utfører tenestene utan løn.

Kva med medlemsskap og kontingent, spør vi? Nei, det eksisterer ikkje. Vi snakkar om Røde kors, i Noreg ein av våre mest medlemsrike frivillige organisasjonar.

Det var Emanuelle som leidde ordet, då ho snakka fransk, med Maurice som tolk. Med noko forbausa ansiktsutrrykk tek Åse imot melding om at billettar til Juventus-kamp vel kan skaffast. Det same er tilrettelegging av treningsleir med unge Juventus-spelarar i Torino.   Det gikk tydeleg fram at dei italienske besøkande er tett knytte opp til Juventus, ein av dei største fotballklubbane i verda. Som fysioterapeutar, og som støttespelarar elles. 

Utviklingsbistand i afrikanske land er eit av felta desse damene er engasjerte i. Vi håpar dermed kontakta med Lions Club, som er aktive i formidling av brukt medisinsk utstyr her lokalt vil kunne føre til endå meir positivt utviklingsarbeid. Mellom anna. Kontakt på tvers av nasjonsgrenser er spanade, det opnar for kunnskap og ny innsikt og.. kanskje kjem ein invitasjon?

 

Frivillige på festspela

Frivilligsentralen bidrog med mange frivillige på festspela. For

Tema: Frivillig lagsarbeid

14_08_2013_006.JPG

Før det ordinære undervisningsåret startar, nytta vi i dag høvet til å gi litt informasjon om muligheitene som finst i det frivillige lagslivet i Volda

Etter at Astrid Gjersdal, dagleg leiar for frivilligsentralen, orienterte om frivillig organisasjonsliv og korleis dette fungerer i det norske samfunnet, ga Åse Leikanger frå Volda fotball og Mari Lystad frå Volda husflidslag orientering aktiviteten i deira lag. 

Registrering av lokale for idrettsaktivitet i Volda

Volda Idrettsråd, i samarbeid med Kulturavdelinga/frivilligsentralen, har for tida i gang ei registrering av aktivitetslokale i Volda kommune.  Bakgrunnen for dette er at det er stor etterspørsel etter treningslolale, og Volda-hallen sin kapasitet rekk ikkje til alle som ynkjer å trene der. Dermed vil vi å sjå om det kan finnast løysingar i andre lokale kring om i kommunen. 


Registreringa er sendt til eigarar av lokale(skular, grendelag mm) og til idrettslaga, og det er sendt som ein link som berre den epostmottakaren skan svare på, såkalla unike linkar, det kan dermed ikkje sendast vidare. Sidan det er vanskeleg å halde alle adresselister oppdaterte, og frivilligsentralen har fått nokre feilmeldingar, legg vi no ut ein open link, slik at du som er rette ansvarlege for huset eller lokalet kan gå inn og reigstrere bruken av det. Dermed kan de frå fleire leigetakarar!
http://www.questalyze.no/quest.asp?code=6afr27509401387240

Kurs i tilskotsordningar

Sunnmøre regionråd arrangerer kurs i skriving av søknadar for lag og organisasjonar.

I Volda vert kursa 18. september og 16. oktober. Gå inn på lenkja nedafor og meld deg på.

OBS! talet på plassar er avgrensa.

Påmeldingsfrist: 21. juni 2013

 

http://www.sunnmoreregionrad.no/index.php/nyheter/192-kursrekke-om-tilskuddsordninger

Eritreisk kaffiseremoni på "All verdas frukost"

KAFFISEREMONI.JPG

Dei fleirkulturelle lokalsamfunna våre i Volda og Ørsta var smakfullt til stades på frukostarrangementet på dei nynorske festspela i dag. Samarbeidsknutepunkt var sjølvsagt frivilligsentralane. Prikken over i-en var den eritreiske kaffiseremonien som Tsehai sto føre,-  ute i vakkert ver.

Varme krydra supper frå Polen og Filippinane, brød frå Afghanistan, og eritreisk kaffi med spicy kaffimat i kombinasjon med popcorn og nøtter var litt av utvalet på frukostbuffeten.  Til dette fekk vi dikt av Fanny Holmin til lyrisk tonefylgje av "Grenselaust". 

 

Inspirerande besøk av Velferdsalliansen og Bibi AMKA

Eit levande demokrati føreset at rettar og plikter går hand i hand. Difor er det viktig at også nye innbyggjarar held seg informerte for å kunne gjere rette partivalet når ein har budd lenge nok i landet til å få statsborgarskap og røysterett. Men det finst mange andre måtar å vere aktive samfunnsborgarar på enn å røyste ved val. Dette og mange andre tema vart drøfta på møtet i går.

Kring 40 personar deltok på møtet som Team Five v. Maurive Mokulu arrangerte i går på Volda samfunnshus. Til møtet hadde dei inviterte Honorace og Laila frå Velferdsalliansen, ei samanslutning av organisasjonar som set fattigdomsproblematikk og verdigheit på dagsorden. Honorace representerer i denne organisasjonen BIBI AMKA, eller "Kvinne, vakn opp", ei interessegruppe som fremjar Afrikanske kvinner og barns rettar til eit verdig liv både i Noreg og i Afrika.

Honorace ga forsamlinga ei orientering om Velferdsalliansen, som nyleg i samband med valkampen har gjennomført ein baklengsmarsj kring stortinget for å illustrere kva retning vilkåra for dei fattigaste i Noreg går.

Ordførar Arild Iversen snakka om demokrati og samfunnsdeltaking. Etterpå tok forsamlinga føre seg partiprogramma for å analysere kva dei ulike partia står for.

TV-aksjonen "ingen tid å miste" vedkjem oss alle!

Bli bøsseberar, ring 02025

Meld deg som bøsseberar, og gå årets mest meiningsfulle søndagstur. Det er Nasjonalforeningen for folkehelse som er mottakar av dei innsamla midlane, som vil gå til å: 

- motivere, rekruttere og lære opp frivillige til å bli aktivitetsvennar. Ordninga skal gi meir innhaldsrike dagar til demenssjuke og avlasting til dei næraste pårørande

- Styrke arbeidet med møteplassar og aktivitetar for personar med demens og deira pårørande

- Auke kunnskapen om demens, slik at fleire som har ein demenssjukdom skal oppleve å verte møtte med aksept og forståing

- Etablere eit langsiktig koordinert forskingsprogram. Målet er å forst kvifor ulike demessjudomar oppstår, korleis dei kan førebyggjast og medverke til å utvikle betre og kurerande behandlingar mot demens.

Ved å melde deg som bøsseberar er du med på dette arbeidet!

Engasjerande og tankevekkjande på kvinnedagen

Frå venstre: Kari Hasle, Oda Lykke Mortensen, Tove Halse Digernes, Ingebjørg Røyrhus Øyehaug og Tsehai Birhan
Frå venstre: Kari Hasle, Oda Lykke Mortensen, Tove Halse Digernes, Ingebjørg Røyrhus Øyehaug og Tsehai Birhan

Kvinnerøyster mellom rosablogg og opprør, var tittelen på 8.mars-arrangementet i røysterettjubileumsåret. Dette tankevekkjande møtet mellom fire kvinner samla ein nær fullsett sal på Ivar Aasentunet. Forskjellige generasjonar, ulike kontekstar. Trass i alle ulikskapar i kvinneliv, ein skal ikkje gå langt utanfor sporet før ein møter motstand. No som før. 

Måndag inviterer Rebecca og Astrid til kurs/verkstad!

Astrid og Rebecca
Astrid og Rebecca

Er laget ditt på jakt etter tilskot for å realisere eit prosjekt?  Måndag set vi jakta etter prosjektkroner på dagsorden, og brukar kvelden på å gjere kvarandre gode til å søke midlar. Det finst nemleg nokre knep, og vi kan i allefall nokre! Kom då vel!

Tid og stad: Måndag 8. kl. 18-21, Volda rådhus, Møterom A og onsdag 10. på Ørsta Rådhus til same tid.  Framleis ledige plassar! Gratis å delta, ingenting å tape, berre å vinne!

Korleis ha det bra i Volda?

Maurice Mokulu
Maurice Mokulu

Torsdag 11. april inviterer frivilligsentralen og Team five til dagsseminar med tema: Korleis få det bra i Volda? På sporet av nøklar til vellukka integrering.  Målgruppa er alle som ønskjer å verte integrerte i Volda-samfunnet.

Ideen til seminaret er kome frå Team five, ein flokk asylsøkarar som ønskjer å nytte ventetida positivt i staden for å late dagane gå utan mål eller meining. Maurice Mokulu, eldsjela bak og asylsøkar på fjerde året, ønskjer at fleire skal dele dette ønskjet om å bruke seg sjølv positivt, og få noko meiningsfullt ut av ventetida. Seminaret, som har sterk ressursfokus, tek utgangspunkt i det lokale og konkrete. Her får ein ikkje nødvendigvis alle svara, men om vi kan medverke til å gi litt innsikt i korleis ein sjølve skal kunne orientere seg vidare mot målet sitt, har vi oppnådd det vi ønskjer.  Knekke nokre koder.

Dei som medverkar kjem frå Innvandrarkontoret, Link mottak, næringskontoret, vidaregåande skule, høgskulen, frivilligsentralen og Styrk arbeid.  Og Ordføraren.  Alle bidreg med sine nøklar, som opnar stadig nye dører til innsikt i korleis me alle skal kunne delta i Volda-samfunnet fullt og heilt.

Seminaret er på Samfunnshuset, kinosalen kl.09.15-15.30.

Måndagsmorgonsong i språkstafetten

Rådhustilsette samlast måndag morgon kl. 09.00 til fellessong
Rådhustilsette samlast måndag morgon kl. 09.00 til fellessong

I samband med nynorskstafetten i regi av Noregs Mållag, var det morgonsong både på rådhuset i Volda og på skulane kring i kommunen. Mellom bakkar og berg ut med havet vart sunge ved starten av dagen, som ei flott helsing til 200-års jubilanten Ivar Aasen

Dialektkveld på Samfunnshuset

I kveld er det dialektane som står i fokus. I kveld kl. 19.30 inviterar Volda mållag til dialektkveld i salongen på Volda samfunnshus.

Tove Kristin og Jørn Olav Løset presenterar boka si "Ditta he ej me haurt". Ivar Mork vil snakke om uttrykk frå Sunnmøre, og vi får høyre litt om korleis dialekta vår fortonar seg for dei som kjem utanfrå. Vidare vert det song og musikk, og det vert enkel servering. Det vert også rom for ytringar frå publikum på denne uhøgtidelege språkkvelden. Vel møtt!

Den nye møteplassen på TeleBygget

Frå venstre: Bashir, Jamal, Louis, Anna og Maurice
Frå venstre: Bashir, Jamal, Louis, Anna og Maurice

Laurdag opna den nye møteplassen på TeleBygget Ungdomshus. Dette vert ein treffstad laurdagane i regi av Team/five og frivilligsentralen.

Laurdag kveld vart den nye møteplassen opna, og det med god mat og fin stemning. Det er naturleg at det tek tid før eit nytt tilbod går seg til, men etter kvart vonar ein dette for mange vert eit naturleg alternativ til eiga stove på laurdagskveldane. Her legg ein opp til å sjå Premier League-kampar, ete gog mat, spele biljard, og elles hygge seg i lag. Tilbodet er 100% rusfritt.

Då vi ikkje kan ha "ope hus" i dette ungdomslokalet, vert det førehandspåmelding til Frivilligsentralen 91725639

Mat og Prat torsdag!

Denne gongen er eine retten frå  Sudan og Eritrea og andre frå Afghanistan.  Den søte avslutninga vert fastelavnsbollar med krem.

Mat og prat vert arrangert ein gong i månaden på kjøkenet v. Volda ungdomsskule. Det er trangt om plassen, og først til mølla gjeld. Ta kontakt med Astrid på. 917 25 639 som du har lyst til å vere med.

Wali (t.v) er ein av dei som skal stå føre menyen torsdag 14.februar. Abdi til høgre.
Wali (t.v) er ein av dei som skal stå føre menyen torsdag 14.februar. Abdi til høgre.

Internasjonal buffet på kvinnedagen

I forgrunnen: Kongolesiske Anna Kabamba, som i lag med fleire sto bak den gode maten
I forgrunnen: Kongolesiske Anna Kabamba, som i lag med fleire sto bak den gode maten

På den internasjonale buffeten sto kongolesiske Samosa, kylling, salat og ris. Matkøa var lang, men alle fekk:)

Nøklar til eit godt liv i Volda

Ordførar Arild Iversen i samtale med Moneim Suliman
Ordførar Arild Iversen i samtale med Moneim Suliman

"Mange av oss kjem frå land som er ramma av politisk sjukdom", seier Moneim Suliman i innleiinga til samtalen med ordførar Arild Iversen på intergeringsseminaret på Samfunnshuset i går. Ordføraren svarar med å invitere nye sambygdingar til kontoret sitt på rådhuset om det er noko ein ønskjer sett på den politiske dagsorden.

12Neste
untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb