Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Engasjerande og tankevekkjande på kvinnedagen

Frå venstre: Kari Hasle, Oda Lykke Mortensen, Tove Halse Digernes, Ingebjørg Røyrhus Øyehaug og Tsehai Birhan
Frå venstre: Kari Hasle, Oda Lykke Mortensen, Tove Halse Digernes, Ingebjørg Røyrhus Øyehaug og Tsehai Birhan

Kvinnerøyster mellom rosablogg og opprør, var tittelen på 8.mars-arrangementet i røysterettjubileumsåret. Dette tankevekkjande møtet mellom fire kvinner samla ein nær fullsett sal på Ivar Aasentunet. Forskjellige generasjonar, ulike kontekstar. Trass i alle ulikskapar i kvinneliv, ein skal ikkje gå langt utanfor sporet før ein møter motstand. No som før. 

Det var opprøraren og fridomslengtaren Synnøve Riste som først fekk ordet.  Ingebjørg Røyrhus Øyehaug presenterte denne modige kvinna som har sett tydelege spor etter seg i Volda, trass i at ho berre vart 33 år gamal. Øyehaug har skrive bok om Synnøve Riste, "fjøyra som dreiv", som levde i Volda 1858-1889, drivkrafta i det radikale mål -og kulturpolitiske miljøet i Ristegarden på nedre Rotset. Det skulle styrke til å opponere mot den rådande kvinnerolla for hundre og femti år sidan, og denne styrken hadde Synnøve. Sterk er òg Tsehai Birhan frå Eritrea, som bur i Volda på sjuande året etter å ha flykta frå det undertrykkande regimet i heimlandet sitt. Tsehai innnleia med å fortelje om mor si. 14 år gamal vart ho gift med ein mann på 21. Før ho fylte 20 hadde ho født fire born, Tsehai var den eldste. Tsehai framstilte situasjonen for den eritreiske kvinna som eit liv i konstant redsle for søner og mann i krig, med tyngjande ansvar og utan fridom. Retorisk spør ho: kva er 8. mars for henne? Skal det gå nye 100 år?

Ørstingen Tove Halse Digernes er aktiv politikar, lærar, fleirbarnsmor og bloggar. Det var i ei tid med barselpermisjon at ho i gleda over å skrive og å formidle eit aktivt kvardagsliv fann blogg-forma som ein god kanal. Eit viktig poeng hos Tove er å syne borna at det er viktig å vere samfunnsengasjert.

Oda Lykke Mortensen går på Høgskulen, har bakgrunn som aktiv ungdomspolitikar og er for tida leiar i studentgruppa for Amnesty. Oda formidla uro over dei unge rosabloggarane sitt snevre univers, der utsjånad, sminke og kle reduserer bloggaren til ei uvirkeleg posør-rolle. Oda ytra uro over reaksjonane som unge jenter lett får om dei kjem med kritiske, gjerne politiske ytringar på nettet. I skjul bak anonymiteten får kvinnehatske reaksjonar fritt spelerom, noko som skremer mange jenter frå å heve røysta. Det som då gjerne vert att for desse jentene er det ufarlege. Posøren, mote, sminke, det ytre.

Historikaren Kari Hasle batt saman samtalen i ei fin bokbad-form, der også kommentarar og spørsmål frå salen fekk sleppe til.

 

 

untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb