Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Nøklar til eit godt liv i Volda

Ordførar Arild Iversen i samtale med Moneim Suliman
Ordførar Arild Iversen i samtale med Moneim Suliman

"Mange av oss kjem frå land som er ramma av politisk sjukdom", seier Moneim Suliman i innleiinga til samtalen med ordførar Arild Iversen på intergeringsseminaret på Samfunnshuset i går. Ordføraren svarar med å invitere nye sambygdingar til kontoret sitt på rådhuset om det er noko ein ønskjer sett på den politiske dagsorden.

Det var fullsett sal på samfunnshuset torsdag, då Frivilligsentralen og Team five inviterte til integreringsseminar. Salen var delt inn etter språkgrupper, og tolkane hadde ein til dels stri jobb. For språket og uttrykka som er daglegdags for oss som kjenner nøklane til arbeidsliv, næringslivet, skuleverk og frivilligheit kan vere framant for dei som er nye i det norske samfunnet. Dagen vart engasjerande. Innvandrarkontoret v. Marianne Solheim opna, og presenterte demografiske fakta. Andre Eiksund heldt fram, før Martin Foldal frå HoppiD og Kulturnæringshagen overtok, etterfølgd av Randi Kalland, som ga nøklar til vidaregåande opplæring.  Astrid Gjersdal frå frivilligsentralen presenterte organisasjonslivet.  Før team five-lunsjen, den Anna og Maurice stilte med ein lekker buffet, fekk forsamlinga delta i ein samtale mellom ordførar Arild Iversen og Moneim Suliman frå scena. Fleire spørsmål kom til denne bolken om lokalpolitikk og demokrati.

Hermod Halse opna etter lunsjen, med å presentere Styrk-arbeid. Maurice snakka vidare om fleirkultur som ressurs, før vi fekk tre vitnespyrd frå tre som har greid å knekke kodane og funne seg til rette i Volda-samfunnet. Mao, reinhekla volding, som han har vorte på kort tid, har følgd faren sitt råd: ta initiativ og ansvar for eige liv! Han slo fast: Norsk er ikkje vanskeleg! Det same stadfesta Saeed, men det krev innsats, og ingen må tru at ein lærer norsk utan å jobbe for det. Norsk språk er nøkkelen til å greie seg, og få seg jobb, slik Guleed greide etter å ha jobba iherdig gjennom språkpraksis på Coop. Han har fast jobb der, og måtte haste tilbake til Furene. Takk til alle som bidrog til det viktige integreringssminaret! 

 

untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb