Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Kulturminnedagane 2015,
tema nabolag

Frå fotoutstillinga på kulturminnedagane i fjor
Frå fotoutstillinga på kulturminnedagane i fjor

Kulturminnedagane vert markert i perioden 12-18. september. Tema i år er ”nabolag”. Innanfor dette finn me det meste av det kvardagslivet spinn kring; menneske, hus, gater og vegar, transportmiddel med meir, men også det immaterielle som lydar, lukter, fargar og smakar. Korleis artar nabolaget seg i dag og korleis var det i tidlegare tider? Eller ein heilt annan stad på kloden?

Fredag 18. september vert det kulturminnetreff i kaffistova på Volda Omsorgssenter.

Me har valt å rette søkelyset mot eit konkret nabolag i Volda sentrum, Engeset. Dette området av sentrum har gjennomgått endringar til det komplett ugjenkjennelege dei siste 50 åra, men spora av tidlegare tider finst likevel. Dei finst i bilete, i minne og i gjenstandar. Eit tett og annleis nabolag har vakse fram på Engeset, i Volda Omsorgssenter. Menneske frå heile Volda kommune skaper der på sine eldre dagar nye naboskap i institusjonen.

Vi byr på kaffi og kaker med litt nostalgisk preg. Borda vert pynta med dukar og gjenstandar frå butikken til NMS gjenbruk og det vert utstilling av gamle Volda-bilete. Frå kl. 11.00 vert det salong-treff. To damer med rike minne frå oppveksten på Engeset, Brit Aanning Aarseth, og Anne-Sofie Egset vil dele nokre av desse med oss. Tsehai Birham, som arbeider på Volda Omsorgssenter, vil ta oss med til sitt gamle nabolag i heimlandet Eritrea, og gi oss gløtt inn i korleis nabolivet arta seg i hennar oppvekst. Jorunn Marie Kvernberg spelar slåttar frå spelemenn med opphav frå to bygdelag i kommunen, Austefjord og Bjørkedal.

Dei som har lyst vil etterpå få kunne ta ein mimretur i ein av dei gamle rutebussane som har gått fleire stadar på Sunnmøre. Ola Rangseter er sjåfør.

Arrangementet er ope for alle. Frå måndag i kulturminnedagane vil Tor Sivert Heggedal stille ut gamle Voldabilete på Volda Omsorgssenter.

Vel møtt!

Stimuleringstilskot til integrering

Integrering føreset at me treffest og vert kjende med kvarandre. Her frå sommarprogrammet, der Cecilie deler mormors blåbærsyltetøyoppskrift på Haualeitet.
Integrering føreset at me treffest og vert kjende med kvarandre. Her frå sommarprogrammet, der Cecilie deler mormors blåbærsyltetøyoppskrift på Haualeitet.

I samband med budsjettet for 2015 for Volda kommune, vart det gjort vedtak om å setje av kr. 30.000 kroner i ”stimuleringstilskot til frivillige lag og organisasjonar som kan vise til gode resultat i arbeidet med integrasjon av flyktningar”. Tilskotet vert tildelt av driftsstyret i Volda kommune. Målet med midlane er å medverke til at busette flyktningar vert integrert og inkludert i lagsverksemd og lokalsamfunnet elles.  

For mange som kjem nye til kommunen vår er det ikkje alltid like lett å orientere seg i mengda av organiserte aktivitetar, lære skrivne og uskrivne reglar for korleis ein deltek i dette, og kva som vert forventa. Lag og organisasjonar er svært viktige integreringsarenar for flyktningar som vert busette i Volda kommune. Mange lag driv aktivitet med eit internasjonalt ”språk”, t.d idrett, slik at ein fort kan verte inkludert i noko som er kjent. Med dette tilskotet vonar ein at fleire lag og organisasjonar tek tak i utfordringa, og brukar kreativitet for både å utvide si medlemsmasse og bidra til eit meir inkluderande Volda.

Desse midlane vert no lyste ut, og lag og organisasjonar som gjer ein innsats for å legge til rette for at busette flyktningar kan verte kjende med laget og aktivitetane og verte med, kan no altså få eit ekstra tilskot til lagskassa for dette.  Søknadsfrist er 20. september, til postmottak@volda.kommune.no

Sommarprogrammet engasjerte!

Denne sommaren har det vore minst ein aktivitet i veka i regi av frivilligsentralen. Takk til alle samarbeidspartnarane som har medverka i programmet, og alle dei kjekke blide deltakarane!

Søke midlar?

Er laget ditt ikkje registrert i frivilligregisteret kan det vere vanskeleg å søke tilskot, dei aller fleste spør etter organisasjonsnummer.

Registrer i frivilligregisteret her: http://www.brreg.no/registrering/frivillighet.html

I år er vi regnskogvaktarar!

Frå venstre: Marius Hammer, Fylkesaksjonsleiar, Astrid Gjersdal, frivilligsentralen i Volda, Knut Festø,naturvernforbundet Volda Ørsta og Dag Hareide, Regnskogfondet
Frå venstre: Marius Hammer, Fylkesaksjonsleiar, Astrid Gjersdal, frivilligsentralen i Volda, Knut Festø,naturvernforbundet Volda Ørsta og Dag Hareide, Regnskogfondet

I går var det kick off for TV-aksjonen. Lokale aksjonskomitear på søre Sunnmøre var samla i Ulsteinvik, der vi gjennom gripande og engsjerande filmar og historier var tekne med inn i den 60 millionar år gamle regnskogen. 

Det er vanskeleg å ikkje verte gripen av alvoret. På sytti år er regnskogen halvert, og kvart å vert 46 000 kvadratkilometer borte. Dette tilsvarar eit område på størrelse med Danmark. Dei fulle konsekvensane av denne brutale avskoginga kjenner vi ikkje enno, men me veit at utsleppa av klimagassar frå brenning av regnskog tilsvarar utsleppa frå alle bilane i verda. Følgjene for dei 260 millionar menneske som har regnskogen som heim er katastrofale. Det same for det enorme mangfaldet av dyr og plantar. 50-80% av alle dyre-og planteartar i verda finn me i regnskogen.

Å høyre Dag Hareide fortelje om korleis regnskogfondet arbeider gir håp. Det er råd å snu utviklinga. 18. oktober går me for regnskogen, som regnskogvaktarar med innsamlingsbøsse for regnskogfondet.

Har du lyst til å vere med og profilere saka, anten gjennom ein organisasjon du er med i, eller som privatperson; kom på det opne møtet 23. september kl. 19.00 på Samfunnshuset, kinosalen. Lat oss verte regnskogvaktarar!

Ny giv for flyktningguiden

Me registrerer gledeleg auke i engasjement for flyktningane her i Volda. Etter informasjonsmøtet som mottaket og kommunen gjennomførte 28. september, og som samla kring 300 menneske i kinosalen, har mange meldt seg til ulike tiltak.

Frå måndag startar me oppatt mat og prat, no tilbake til skulekjøkkenet på Øyra. Fleire norske frivillige vil delta der. 8 nye flytningguidar har meldt seg, og 7 vil la seg låne ut til det nye konseptet; lån ein volding.

Lån ein Volding

Dette nye konseptet, som vart lansert på informasjonsmøtet, inneber at Voldingar (i vid tyding) melder seg til korttidsutlån for samtale, tur eller kafebesøk etc. for flyktningar.  Vi kjem til å ha faste tider på biblioteket, der vi etablerer ein møteplass for slike uforpliktande treff. Vona er at dette sprer seg, og at voldingar grip dette høvet til å både å lære nye naboar å kjenne og å vere til hjelp i språktrening. Ideen er lånt frå andre bibliotek.

Senionett
Frå tidlegare seniornettreff
Frå tidlegare seniornettreff

Er du senior og beherskar dataverktøy som pc og nettbrett og kan tenkje deg å dele ferdigheitene med andre? Du er ein av dei me søker til seniornett!

Framleis er digitale verktøy framandspråk for mange som er litt opp i åra. Dette betyr at dei ikkje har tilgang til ei verd som er daglegdags for resten av befolkninga. Dette kan vere banktenester, bestille reiser, lese nyheiter, vere på facebook eller kommunisere via skype. 

Frivilligsentralen bistår gjerne med å tilrettelegge for ein seniornettmøteplass, men innhaldet må brukarane stå for sjølve. Er det nok interesse i Volda, startar vi ein møteplass her. Alternativt slår me oss i lag med Ørsta.

Seniornett baserer seg på eit enkelt prinsipp om å dele det du kan med andre. Det vert ikkje lagt opp til faste kursmodellar, men dei som kan tenkje seg å ha ei ”instruktørrolle” kan få tilbod om ein kursdag der ein lærer enkle metodar for å lære vidare til andre.  I tillegg til at ein lærer av kvarandre er seniornett sosialt og triveleg. 

Om du er interessert i å delta på seniornett for å lære, eller om du kan tenkje deg ei instruktørrolle, meld frå til frivilligsentralen tlf. 917 25 639.  Så snakkast me!

 

Vil du vere med og lage julefest?

juletre.jpg

For 11. gong sidan 2004 inviterer frivilligsentralen til dugnad for julefest 1. juledag. Målgruppa er som tidlegare år dei som ikkje har familie eller andre som det kjennest naturleg å ha samver med, som ikkje har høve til å reise heim til jul, eller som har glede av eit litt annleis fellesskap i jula

På den mest private dagen i året, første juledag, - dagen me gjerne hugsar som ekstra lang fordi me ikkje fekk lov til å gå på besøk til nokon, nett denne dagen har me no i ti år arrangert julefest!

Gjennom alle desse åra har denne festen vore ein dugnad mellom gode krefter i voldasamfunnet; dei to siste åra i regi av StudiebygdA. Kvart år har festen vorte fullsponsa av næringslivet og frivillige har stått for praktisk gjennomføring.

Planlegginga av årets julefestdugnad startar no, så har du lyst til å bidra, gi eit vink!

Multisport på X2-festivalen

20150312_154051.jpg

X2-festivalen er ikkje berre for våghalsar. I år byr festivalen på ein aktivitet som dei fleste kan delta på, multisport!

I løpet av 2,5 time skal lag på to og to (menn, kvinner eller mix) konkurrere om å samle poeng gjennom ei løype på vel 20 postar der det byr seg eit breitt spekter av utfordringar.  Her er postar for dei fysisk spreke, men også andre eigenskapar vert utfordra. Balanse, hugs, og bruk av reiskap er døme på evner som vert testa. Framfor alt er det moro!  http://x2festivalen.no/multi-sport/

Mangfaldig program i den kulturelle spaserstokken
Tindra på Fjordsyn
Tindra på Fjordsyn

Denne våren byr den kulturelle spaserstokken på teater, film og musikk i fleire sjangrar.

Safia engasjerte!
Safia i Sjøborg med tromme og sang
Safia i Sjøborg med tromme og sang

Det er mange som i ettertid har kome til oss i frivilligsentralane og bede om å få Safia tilbake hit. Så viktig er den bodskapen ho formidlar at det å få ta den til seg kan utgjere ein forskjel for menneske som er i gang med ein lang og vanskeleg integreringsprosess.

Populære sommaraktivitetar

Frå festspel i Volda. Servering av Falafel, kebab og Sambosa.
Frå festspel i Volda. Servering av Falafel, kebab og Sambosa.

Hittil har sommarprogrammet vorte teke godt imot. Superdag på Lauvstad på open gard, 70 på kinoen og over 50 på aktivitetsdag på Volda bygdetun. I morgon er det open fotballhall.

Mange samarbeidear om programmet, som syner seg å vere eit kjærkome tilskot i ei noko tamt sommar-Volda. I går kveld såg vi oss nøydde til å avlyse den planlagde grillturen til Årneset, då skodda låg våt og tung. Ei lita endring vert det på programmet,- badeturen til Fosnavåg er flytta frå 28. til 30. juli, og aktivitetsdagen på Årneset frå 30. til 31.juli.  Turen til Bjørke får Bakketunet som mål i staden for Hos Maria. Elles går det som planlagt.

Festspel i sentrum
Forfattar Arne Henning Årskog og Åshils Wideroe frå Dei nynorske festspela
Forfattar Arne Henning Årskog og Åshils Wideroe frå Dei nynorske festspela

I samarbeid med sentrumsforeninga, spinneriet og festspela vart det forfattarbesøk og festpelstemning i Uppheimsparken.

Mat og prat på samfunnshuset

Ris kan tilberedast på mange spennande måtar
Ris kan tilberedast på mange spennande måtar

Vi har kjøpt induksjonstoppar, nye panner og mykje kjekt! No vert det fres i mat og prat-kveldane framover våren. Sjå programmet og kom!

Mat og prat-plan våren 2015

25. februar kl. 17.00   Afghansk meny

25. mars kl. 17.30      Filipinsk meny

15. april  kl. 17.00      Eritreisk meny

27. mai kl. 17.00        Kongolesisk meny

24. juni kl. 17.00        Me pakkar masse godsaker og finn oss ein fin grillplass

 

Me har fordelt ansvar for kvart treff, slik at deltakarane skifter på å lære bort sin mat. Elles samarbeider alle om å lage maten, og me inspirerer og lærer masse av kvarandre. Treffa er opne for alle som har lyst til å vere med. Kom, det er kjempekjekt!

Møt Safia Andi Haase på Sjøborg i Ulsteinvik. 24. februar kl. 19.00

Safia Abdi Haase
Safia Abdi Haase

Som leiarar for frivilligsentralane i Ulstein, Herøy, Hareid, Sande, Ørsta og Volda er dei ei glede å få invitere til møte med Safia Abdi Haase på Sjøborg i Ulsteinvik 24. februar. 

Vi vart kjende med Safia og hennar historie på regionskonferansen for frivlligsentralane på vestlandet i fjor haust, og avgjorde der og då at dette vil vi dele. Vi inviterte henne til Sunnmøre. Safia hadde då nett vorte tildelt st. Olavs orden, ridder av 1. kl. for sitt arbeid for å betre livsvilkåra for kvinner og born. Denne sterke og modige dama som kom til Noreg i 1992 som flyktning fro Somalia og åleinemor med to døtre, har motteke ei rekke utmerkingar for engsjementet og innsatsen sin, mellom anna vart ho i 2005 utnemnd til æresmedlem i Norske Kvinners Sanitetsforening.

Safia innsåg raskt at ho sjølv måtte ta grep om ho skulle greie seg i Noreg. På Sjøborg fortel ho historia om korleis ho gikk fram for å knekke kodane i møte med det norske samfunnet, skaffe seg utdanning og arbeid og ta tak i urfordringar ho møtte. I dag bur Safia Abdi Haase i Halden, og arbeider som sjukepleiar i stiftinga Amathea med helseutfordringar for jenter og kvinner med minoritetsbakgrunn. Safia er sterkt engasjert i å førebyggje kjønnslemlesting av jenter.

Safia er også ein kulturperson. Som kunstnar synleggjer ho sin somaliske kulturbakgrunn med stoltheit. 

Vel møtt til Sjøborg og til eit sterkt møte med medvandrar Safia Abdi Haase. Ta med kollegar og vener, så treffest me! Fri inngang.

 

untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb