Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Mangfaldig program i den kulturelle spaserstokken
Tindra på Fjordsyn
Tindra på Fjordsyn

Denne våren byr den kulturelle spaserstokken på teater, film og musikk i fleire sjangrar.

På spaserstokkplanen for våren står mange kulturelle godbitar. Den kulturelle spaserstokken er eit samarbeid mellom kulturdepartementet, som løyver midlane, fylkeskulturavdelinga, som fordeler dei på kommunane etter søknad, og kommunane, som i Volda gjennom frivilligsentralen, i lag med representantar frå pleie og omsorg, vel ut og kjøper inn kulturprogram. Den kulturelle spaserstokken skal tilby profesjonelle utøvarar, og vi har som ei målsetjing at lokale kunstnarar skal ha ein sjølvsagt plass her. I tillegg tek vi imot ulike produksjonar som vert tilbodne, og dei siste par åra har vi gått i samarbeid kommunane på søre Sunnmøre om turnear. Slik sikrar vi oss gode program samstundes med at vi får ned reise-og opphaldskostnadane for utøvarane.

I januar var Møre og Romsdal regionteater her med forestillinga Tideverv, i februar hadde alle fire institusjonane besøk av Ivar Aasentunet, og førre veke hadde Tindra tre flotte folkemusikkonsertar i kafeen, på Fjordsyn og på Nilletun.

Dei planlagde Konsertane med Gine Andersen Gaustad og Magnar Åm måtte utsetjast på grunn av sjukdom, men dei kjem oppatt på plakaten.

17. april får vi vitjing av Vinjeproduksjonar med Magne Skjævesland og "Ferda-Vinje".  Same dag vert det matinè i dei nye biblioteklokala, med forfattaren Svein Sæter som fortel om ein "Hemmeleg helt".

Vår og sommar er festivaltid, også i den kulturelle spaserstokken. I april dok.film, kammermusikk i mai og festspel i juni,- alle med program i samarbeid med den kulturelle spaserstokken. Alt i alt eit variert og spennande program, synest vi.  

untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb