

Det er mange som i ettertid har kome til oss i frivilligsentralane og bede om å få Safia tilbake hit. Så viktig er den bodskapen ho formidlar at det å få ta den til seg kan utgjere ein forskjel for menneske som er i gang med ein lang og vanskeleg integreringsprosess.
Safia Abdi Haase snakka i over to timar til ei svært lydhør forsamling på Sjøborg i Ulsteinvik 24. februar. I salen var fleire som er i gang med den reisa som Safia fortalde om frå sitt eige liv. Med døtrene sine, som då var i skulealder, flykta ho i 1993 frå eit valdeleg tilvære i Somalia og kom til Noreg, der ho omsider vart busett i Harstad. "Æ e harstadværing! Vi har midnattssol, ser dokk ikkje det?" ler Safia og slår ut med armane, til den lattermilde forsamlinga. I fordraget kjem dei lystige kommentarane i tett veksling med dei dystre historiene. Safia har sjølv vore offer for vald og overgrep i eit skremande omfang. Kulturelt akseptert, mykje av det. Kjønnslemlesting, tvangsgifte med valdeleg ektemann, samt overgrep som pris for å kome seg unna er tunge erfaringar som ho fortel om med ei imponerande ro, men vi skjønar at det kostar å konfrontere seg sjølv med all smerta. Ein flokk unge somaliske og eritreiske jenter flokka seg rundt henne etter foredraget, der ho også hadde framført somaliske songar til tydeleg attkjenning.
Arbeid mot kjønnslemlesting er Safia si hovudsak, og ho rettar arbeidet både mot innvandrarmiljø i Noreg og i afrikanske land. Gjennom stiftinga Amathea arbeidar ho med helseprosjekt retta mot minoritetskvinner og jenter. Safia er ein av arkitektane bak lova mot kjønnslemlesting her i Noreg.