
Årets viktigaste søndagstur nærmar seg; går du?

Det er noe registrert vel 30 bøsseberarar i Volda sentrum. Vi treng 20 til!
Ved å melde deg som bøsseberar bidreg du aktivt til at Røde kors hjelper enda flere av dei mest sårbare menneska i verda, sivile offer for krig. Saman får me hjelpa heilt fram. www.blimed.no
Engasjert utviklingsverkstad for entreprenørskap

Entreprenørskap som integreringsverktøy var tema for utviklingsverkstaden som Volda kommune inviterte til i dag i samband med satsinga på innovasjon i Volda kommune. Svært mange som kan spele ei nøkkelrolle i å legge til rette for at busette flyktningar skal kunne nytte sine ressursar for å skape eit godt liv i Volda var samla. Både felles opplevde utfordringar og konkrete tiltak kom på bordet i dette viktige møtet.
I tillegg til dei mange kommunale aktørane,- rådmannen si leiargruppe, tilsette ved Volda læringssenter og leiar i Volda næringsforum og Nav, møtte fleire frå fylket. Utdanningsavdelinga, Imdi Midt og ungt entreprenørskap var alle representert. Utgangspunktet for møtet var dei tre innovasjonsstudentane, Gunnar Andenes, lærar v. Volda læringssenter, Astrid Gjersdal, dagleg leiar v.frivilligsentralen og Martin Foldal, leiar v. Sunnmøre Kulturnæringshage, som har valt entreprenørskap som integreringsverktøy som sitt innovasjonsprosjekt. Verkstaden var leia av ordførar Jørgen Amdam.