Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

Barnefattigdomsmidlane er utlyste

Fattigdomsmidlane gjorde det mogeleg for oss å tilby sirkuskurs for alle som hadde lyst i fjor sommar!
Fattigdomsmidlane gjorde det mogeleg for oss å tilby sirkuskurs for alle som hadde lyst i fjor sommar!

Barne,-ungdoms-og familiedirektoratet (Buf dir) skal dele ut 224,441 millionar kroner for 2018 gjennom tilstotsordning mot barnefattigdom

Målet med tilskotsordninga er å støtte opp om tiltak som dempar konsekvensane av fattigdom. Tilskotsordninga er meint som eit virkemiddel som skal bidra til at fleire barn og unge skal få delta på sosiale arrangement, ferie og fritidsaktivitetar uavhengig av inntekta til foreldra. Tiltaka skal vere politisk og religøst nøytrale og så langt som det let seg gjere vere gratis eller med så låge kostnadar som mogleg.

 Ein kan få støtte til tiltak som medverkar til at barn og unge i låginntektsfamiliar:

  • kan delta i kultur- og fritidsaktivitetar
  • kan delta i ferieaktiviteter
  • får høve til å delta på ulike mestringsarenar

Bufdir listar opp disse hovudprioriteringane for 2018:

  • Søknadar frå kommunar og bydelar med store levekårsproblem
  • Tiltak som skjer i eit samarbeid mellom frivillig sektor og forebyggande tenester
  • Tiltak som fremmer integrering av barn og ungdom med innvandrarbakgrunn
  • Tiltak som rettar seg mot barn og ungdom som veks opp med foreldre med rusproblem/psykiske vanskar.

Bufdir set krav om kommunal forankring. For at det skal kunne sendast søknadar frå Volda, må kommunen stille med ein kontaktperson og ein knutepunktfunksjon. I Volda er dette ansvaret lagt til frivilligsentralen. Dersom det kjem meir enn tre søknadar frå Volda skal søknadane settast opp i prioritert rekkefølgje av eit politisk organ. For spørsmål, eller hjelp til å søke, ta kontakt med frivilligsentralen på telefon 91725639.

https://bufdir.no/Tilskudd/Soke_om_tilskudd/Barnefattigdom/

Kven skal få frivilligprisen 2017?

Frivilligprisen 2016 gikk til Petra Humberset
Frivilligprisen 2016 gikk til Petra Humberset

Frist for å kome med forslag til kven som skal få frivilligprisen for 2017 er 1. desember.  Volda kommune sin frivilligpris vert i år delt ut for 4. gong. 

Volda kommune sin frivilligpris har ingen lang historikk. Første mottakar var Olai Egset, som fekk frivilligprisen i 2001, i det internasjonale frivilligåret. Etter det var det stillstand fram til ordninga vart teken opp att i 2015. Prisen det året gikk til Øystein Bakke. I fjor var Petra Humberset mottakar av frivilligprisen, som årleg vert delt ut ved siste kommunestyremøtet.  I år er det 14. desember.

Som kriteriar for prisen står følgjande:

Prisen skal gjevast til ein initiativrik person, lokal forening/gruppe, som har utmerka seg med frivillig innsats, engasjement og pågangsmot til beste for den enkelte og samfunnet.

Prisen skal synleggjere frivilligheita sin eigenverdi og samfunnsverdi ved å løfte fram gode eksempel på resultat av frivillig innsats.

Frivilligheita si breidde og mangfald både med tanke på organisasjonsform, tematikk, alder og kultur skal over tid gjenspeilast i eit tilsvarende mangfald blant prisen sine vinnarar.

Prisen kan gjevast på grunnlag av ein persons/lokal forening/gruppe sin frivillige innsats over lengre tid, eller i eit tidsavgrensa prosjekt.

Alle kan sende inn forslag. Desse skal vere grunngivne, og kan sendast på epost til postmottak@volda.kommune.no, i brevpost til Volda kommune, stormyra 2, 6100 Volda, eller leverast i skranken på rådhuset. Med all den frivillige innsatsen som føregår i kommunen vår kva einaste dag året rundt burde det ikkje vere mangel på kandidatar.

19403771_1547339751943070_1529047220_o.jpg

Sirkusskule og show med Bruno og Sergio 4.-8. juli

sirkus.png

Sommarprogrammet byr i samarbeid med Helen Rotsetvik/Volda nysirkus på fire dagar med klovneri, jonglering og akrobatikk i Volda. Er du mellom 6 og 18 kan du delta på dette heilt gratis, og du får vere deltakar i stort show i Mørehallen laurdag 8. juli!

Påmelding , namn og alder til Helen Rossetvik

tlf 90064388 innan 3.juli

Festspelfrukost i morgon kl. 11.-12 på Spinneriet!

Nyt frukosten i blømande og sosiale omgivnadar mellom blomar frå Kimen gartneri

Fullt hus på førpremiere og avskilsfest sist laurdag

Nahida Mustafa, Maurice Mokulu, Leila Khanjari (og sonen Elias Akrami), tidlagare bebuarar ved Volda mottak
Fortel kva Volda mottak har hatt å seie for dei og kvifor dei har valt Volda
Nahida Mustafa, Maurice Mokulu, Leila Khanjari (og sonen Elias Akrami), tidlagare bebuarar ved Volda mottak Fortel kva Volda mottak har hatt å seie for dei og kvifor dei har valt Volda

Kinosalen var så godt som fullsett laurdag då førepremieren for Jan Vardøens sin film Det Norske hus vart slått saman med Volda kommune sin avskilsfest for Volda mottak.

Det var fleire som ytra sorg over at Volda mottak skal leggjast ned. Maurice hadde vanskar med å halde tårene tilbake då han, som ein av bebuarane frå ei tidleg fase av mottakshistoria fekk ordet. Han, til liks med fleire skildra mottaket som ein heim og ein familie, med tilsette som ga støtte og hjelp i ein kritisk livssituasjon.   

Volda mottak har vore veldrive og samarbeidd godt med kommunen, organisasjonslivet og lokalsamfunnet elles. No vert det stengt, bebuarane vert flytte til andre mottak, tilsette går over i andre jobbar.  Ein viktig epoke i internasjonale Volda er over.

Takk for laget, Volda mottak!

I samband med at Volda mottak vert lagt ned skipar Volda kommune til avskilsfest, som vert open for alle etter film og debatt førstkomande laurdag. Det vert musikkinnslag, helsingar og mat, og eit høve til å takke for laget til Volda mottak.  Mange i Volda har hatt stor glede av å verte kjend med og samarbeide med bebuarar og tilsette ved mottaket i desse ni åra mottaket har vore i Volda. 

Førpremiere på "Det norske hus"

plakat.jpg

Laurdag 4. kl. 15.00 er det førpremiere på filmen "Det norske hus" på Volda filmteater. Filmen, som er regissert av Jan Vardøren, har statistar frå Volda mottak, Volda hornmusikk har delteke, og filminga har føregått i Nordangsdalen. Tema er filmen er integrering og møte med norsk kultur.

Rett etter filmen vert det paneldebatt, der eit blanda panel vil samtale om tema som filmen tek opp. Journaliststudent Silje Tamara Rojas Røsvassbukt leier debatten.

untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb