
Vellukka tv-aksjon
Om lag hundre kliss blaute men engasjerte bøsseberarar samla i alt inn 395 024 kroner til Kirkens bymisjon søndag!
Å medverke til eit varmare samfunn var målet for årets tv-aksjon til Kirkens bymisjon. Dette målet delte mange voldingar, for det vart meldt om stor givarglede i dei mange heimane som fekk besøk av bøsseberarane. Det var svært mange som hadde med heile familien på denne årets viktigaste søndagstur, dugnadstanken vert dermed tidleg sådd i komande generasjon. Mange går med bøsse år etter år for tv-aksjonen.
Stor takk til alle bøsseberarar, store og små, til alle som har gitt til aksjonen, og til dei to kjekke bankfunksjonærane som brukte søndagskvelden på å telje pengar for tv-aksjonen. Sparebank1, med sine frivillige dugnadsarbeidarar har gjennom alle år opna dørene og teke svært godt imot oss!

Frivilligprisen 2018
Frivilligprisen 2018, som vart utdelt i kommunestyret 13. desember 2018, vart delt mellom Stein Osvoll og Edvin Mårstøyl
Prisnemnda si vurdering:
Det var to forslag som for juryen merka seg ut i år, og etter ei samla vurdering vedtok Juryen i år å dele prisen. Det er i år to prismottakarar som begge gjer sin innsats i det stille i ly av dei store avisoverskriftene.
Den eine prisvinnaren vert av forslagsstillar(ane) skildra med følgjande formuleringar: «Han er påliteleg, stødig og ekte, han skaper ei trygg og harmonisk atmosfære rundt seg, han er ein behageleg og fleksibel person, alltid blid, snill og tålmodig».
Etter at vedkomande gikk av med pensjon har han i sju år vore frivillig og bidrege til at brukarane av dagsenteret og andre avdelingar knytta til helse-og omsorg i Volda kommune kjem seg ut på turar, og for mange er dette eit stort lyspunkt i tilveret. «Innsatsen som frivillig er uvurderleg, og vi set stor pris på at han brukar av tida si til å vere frivillig sjåfør», skriv brukarane av dagsenteret for eldre.
Juryen vurderer kandidaten dit at han oppfyller godt kriteriane for frivilligprisen, som går til Stein Osvoll.
Den andre prismottakaren vert skildra av forslagsstillar slik: «NN er ein av våre frivillige som i ei årrekke i det stille og utrettelege har lagt ned ein utruleg stor arbeidsinnsats til beste for den enkelte og samfunnet. Slike folk som NN tel ikkje timar og forventar ingenting tilbake for innsatsen dei legg ned».
Samfunnet som har glede av prismottakar sin innsats er Indre Dalsfjord, og den omfatter ikkje noko mindre enn å ruste opp kulturhuset i bygda, slik at bygda no har fått ein samlingsplass etter at skulen vart lagd ned. Ein sambygding fortel at huset har gått frå å vere falleferdig og til å verte eit brukshus som vert nytta både til private selskap og samkomer for heile bygda.
Bygdeeldsjela har fysisk bygd og renovert huset, samla inn pengar til arbeidet, og er sjølvskriven i styret år etter år.
Juryen vurderer kandidaten dit at han oppfyller godt kriteriane for å frivilligprisen, som går til Edvin Mårstøyl.
Volda, 10.12.2018
Prisnemnda har vore samansett av
Henning Holsvik og Sølvi Dimmen
Hild Våge var ugild.
Julegåve frå Sparebank1

Frivilligsentralane fekk i år julegåva frå dei tilsette i Sparebank1, kr 10 000 til kvar sentral. Vi takkar!
Her i Volda vil gåva gå til den komande utstyrssentralen, og der kome mange til gode.

Frivilligprisen 2017 til Kristian Woldset, Øyvind Flåskjer og Ole-Martin Iversen
Varaordføraren la i talen sin og grunngivinga frå juryen vekt på at det i år er anna vekting enn lang og tru teneste som ligg bak valet av prisvinnar. Det er engasjementet og den store usynlege innsatsen for andre som var avgjerande!
Dermed gikk frivilligprisen til tre unge eldsjeler som utfører sin frivillige innsats gjerne til tider då me andre søv. Seint og tidleg syter desse unge mennene for at volda sine skiglade får utøve si skiglede på Reset, og der kome til nypreparerte løyper og eit trekk som går. Vi gratulerer!