Heim Epost Sidekart
logo_vapenskjold934.png

ADRESSE

Volda Frivilligsentral
Stormyra 2
6100 Volda

Tlf. 70 05 88 48

mobil:  91725639
Epost

På vår måte

Frivilligsentralane i landet er ulike, grodde som dei er utfrå lokale føresetnadar.

Her i Volda har vi eit mangfald av lag og organisasjonar som står føre drift av frivillige aktivitetar.  Vi ser det ikkje som vår oppgåve å rekruttere frivillige til å drifte faste aktivitetar i frivilligsentralen sin eigen regi i konkurranse med det øvrige langslivet, heller ønskjer vi å vere ein koordinator, aktiv støttespelar og pådrivar. Alle er velkomne med idear, engasjement og virkelyst, og treng du hjelp til å starte noko som ikkje Volda har frå før, bistår vi gjerne!

Endra:
Dagleg leiar Astrid Gjersdal, har vore tilsett sidan 1997
Dagleg leiar Astrid Gjersdal, har vore tilsett sidan 1997

Den daglege leiinga av sentralen

Retningslinene for frivilligsentralane ber oss om å "ta initiativ til, mobilisere og samordne frivillig aktivitet.  Vidare seier dei at vi skal samarbeide med lag/foreiningar og det offentlege, vere eit kraftsenter og eit kontaktpunkt for menneske, foreiningar/lag og det offentlege.

Dette ønskjer vi i Volda, som ein del av kulturavdelinga å oppnå gjennom: arbeidet med frivilligmeldinga, å presentere ein tilstandsrapport om frivillig sektor i Volda

invitere til årlege kultur-og frivilligforum

bistå organisasjonar ulike sørvistenester som t.d hjelp til å registrere seg i Brønnøysundregiteret, finne kjelder å søke midlar etc

arrangere organisasjonskurs innanfor ulike tema

ulike støtte-og hjelpefunksjonar

føreta kopling mellom einskildpersonar for ulike føremål som å snakke norsk i lag med norske, hjelpe med lekser, selskap og støtte til å kome seg ut på tur, praktiske småtenester etc.

I tillegg administrerer vi den årlege tv-aksjonen, vi organiserar natteravnteneste i aktuelle periodar på året, vi har ein strikkekafè som diverre ligg nede for tida grunna sjukdom, og er kontaktledd for den kulturelle spasèrstokken og for 2013 språkåret.

 

 

I styret for frivilligsentralen sit for tida:

Ella Vasskog

Ella har vore med i styret meir eller mindre sidan starten, styreleiar sidan mars 2011 
Ella har vore med i styret meir eller mindre sidan starten, styreleiar sidan mars 2011 

Nestleiar Roald Espset

Roald har vore med i styret sidan 2011
Roald har vore med i styret sidan 2011
untitled_2.png

Frivilligmelding for Volda

frivilligevolda2012.pdf

Lag og organisasjonar

i Volda

lagsoversikt_volda.xlsx

Grasrotandelen

Her kan du velge kven som skal få din andel

OM OSS

Frivilligsentralane er aktive bidragsytarar i lokal-
miljøet.  Gjennom å  initiere og koordinere aktivitetar og tiltak er vi med og styrkjer nærmiljøutvikling og kulturelt mangfald

Frivilligsentralen i Volda er ein av 390 statleg støtta frivilligsentralar i Noreg

Frivilligsentralen i Volda er organisert som ei eining under sektor kultur og service i Volda kommune og held til i underetasjen i Volda rådhus.

Tilsett:
Dagleg leiar:
Astrid Gjersdal

Design og CMS: FolkeWeb